Landslaget for Spelemenn
 
 
Hovedside
Konsertar
Utstillingar
Tevlingsprogram
Resutlatlister
Prisar
Premiar
Innkvartering
Meld deg som medarbeidar
Hovudnemnda
Domarar
Praktisk informasjon
Presse
Bilete
Samarbeidspartnar



Login












Hovudsponsorar

  bunadsylv-web.gif
voss-sparebank.jpg
voss kommune.jpg
park1.jpg  hfk.gif encon logo_farge .jpg
 
 
Takk for besøket
onsdag 24. juni 2009
Då er landskappleiken over for denne gong. Det var verkeleg triveleg å ha så mange dyktige spelmenn, dansarar og entusiastisk publikum på besøk. Takk for mange gode opplevingar, for fin musikk, for lystig dans, for innhaldsrike samtalar, for gode historier, for triveleg samvær, for seine neter og tidlege morgonar. Vi håper møtet med Voss gav meirsmak og at de kjem attende også i andre samanhengar.


gruppe bildeliten550.jpg




I år er kappleiken tilbake i tradisjonell form med klasseinndeling slik de alle kjenner frå før, men med nokre endringar som bygger på dei mange positive erfaringane på Geilo. Dette er endringar som stort sett er bestemt av landsorganisasjonen vår, nokre i samråd med oss som lokal arrangør. 

  • Det vert fleire finalar. Det er ikkje plass for finalar i alle klassar i eit kappleiksprogram, frå år til år vil finalane ha ulikt innhald. I år vert det finalar i lagspel til dans, vokal, lausdans og pardans vanleg fele.
  • Der er mindre endringar i premiereglementet, detaljane her finn de meir om via websidene www.folkemusikk.no, men ein viktig konsekvens av endringane er at med fleire finalar vert det fleire pengepremiar. Vi vil også informere meir konkret om dette på websidene våre etter kvart som detaljane vert bestemt.
  • I lag og gruppespel konkurrerer hardingfele og vanleg fele i same klasse, (noko som vi i Voss spelemannslag sjølvsagt set stor pris på, for no kan vi utfordre alle til ein real konkurranse i lagspel på heimebane).
  • I år prøver vi oss også med ei endring for D-klassene. Alle deltakarane i D-klassene, dans, spel og vokal, vert samla i ein programpost som går på torsdagskvelden. Dette vert eit program med stor spennvidd og interessant innhald, absolutt eit av høgdepunkta under kappleiken.






www.landskappleiken.no              booking/overnatting: www.visitvoss.no/landskappleiken

tlf 95778243 (1000 - 1530)        epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.


Takk for god og viktig støtte til gjennomføringa av Landskappleiken 2010 Voss 

voss-sparebank.jpg image002.jpg hfk-2-liten.gif park1.jpg encon logo_farge .jpg










idadokument.png voss interaktivlogo.gifihmlogo.jpg   vossekta s.jpg 
 











vb02990-w560.jpg





(Landskappleiken 2009, foto Vegard Breie)

 


Hovudarena for tevlingane vert Voss idrettshall, Vossasalen (Park Hotell Vossevangen), og Nain. Kappleiksteltet vert plassert berre nokre få steg unna desse arenaane. Kappleikskontor og ymse andre aktivitetar vert lagt til Ungdomsskulen. 
Alt ligg til rette for ein kompakt kappleik, sentralt mellom eit livleg og innhaldsrikt bygdesentrum på eine sida og naturvakre Prestegardslandet og Vangsvatnet på andre. 

 

 


Tilbod om platekontrakt til vinnarane i fleire klasser:

Etnisk Musikklubb

Etnisk Musikklubb gjev tilbod om platekontrakt til høgste poengsum i eldre instrument samt vinnarane i klasse B innan vokal folkemusikk, spel fele og hardingfele. Etnisk Musikklubb tek seg av alt kring produksjonen på standard vilkår.
 
Meir om Etnisk Musikklubb:   http://www.etniskmusikklubb.no/
Informasjon om tilbodet:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

ta:lik
Plateselskapet ta:lik gjev vinnarane av spel klassa A, fele og hardingfele tilbod om platekontrakt. ta:lik vil ta seg av alt kring produksjonen på standard vilkår.

Meir om plateselskapet ta:lik finn du her: http://www.talik.no/
Informasjon om tilbodet: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

 





Les mer...
 
 
 




Dans fele A og HMK sin pokal

1. Anne Berit Heide
    Sigurd Johan Heide

2. Jorunn Brynhildsvold
    Harald Tamnes

3. Grete A. Krogsrud
    Hallstein Krogsrud

Lausdans
1. Sigbjørn Rua
2. Tokjell Lunde Børsheim
3. Anders Aasbeg
4. Vidar Undeseth

Vokal A
1. Unni Boksasp
2. Stian Roland
3. Camilla Granlien

Lagspel senior
1. Gubrandsdølenes Spelemannslag
2. Lom Spelemannslag
3. Team Gløs Tøs
4. Indre Sunnfjord Spelemannslag
5. Glåmos Spellmanslag

-Tenk miljø, lat bilen stå, ta kappleiksbussen!

ruteinformasjon mm her


Bedriftsbesøk hjå Sylvsmidja
Ynskjer du å sjå korleis bunadssølvet vert til?
Les meir her.

Facebook:
Landskappleiken er også på facebook; prøv denne linken ;-)

JAKTSTART MED FELEBYTE
– EI FORESTILLING OM VESTLENDINGEN.
jaktstart m felebyte-w300.jpg
Av og med Linda Eide og Sigrid Moldestad med gjester

Dette er ei forestilling for alle, også for dei utan folkemusikalsk slektstavle eller generelt OL-gull! Tek for seg det vestlandske lynnet på godt og vondt med utgangspunkt i folkemusikk, sport og kvardagsliv!
Voss idrettshall fredag 25/6
companylogo.png

Jubileum

Vestlandet feirar tre store jubileum i år, noko som sjølvsagt vil vise att i Landskappleiken sine kulturprogram. Jubilantane er ole bull 2010.jpgSigbjørn Bernhoft Osa (100 år), Lars Osa (150 år) og Ole Bull (200 år).


I samband med markeringa av Ole Bull 200 år vert det arrangert konsert i Sevelid: "Frå Ole Bull til Sigbjørn Bernhof Osa". Sjå konsert-programmet.


Leif Rygg
Intimkonsert med den kjende spelemannen og vossaprofilen Leif Rygg! Les meir om dette i konsertoversikkta.

Tevlingsprogrammet er lagt ut
No finn du tevlingsprogrammet under fana "Tevlingsprogram".
Så - då er det berre å seia, vel møtt på Voss!

Fototeneste under Landskappleiken
 
Herheim foto har tilbod til alle som tevlar om fotografering.
Kontakt informasjon for tinging av fotosession finn du her lagfoto1.

Påmeldingsfristen er ute.

Det har vore god påmelding og alt tyder på at det vert eit innhaldsrikt og godt tevlingsprogram.

Kongepokal i Dans Fele kl A
H. M. Kongen setter opp kongepokal i klassen for dans vanlig fele kl. A ved Landskappleiken på Voss 2010 meldar FolkOrg i dag.
Nok ein god grunn for dansarane frå feledistrikta til å melde seg på til kappleiken. Siste frist for påmelding er 30. mai 2010, så no må de sno dykk rundt om de vil vera med - det er berre to dagar att....


Knut Fures Musikkfond

Store pengepremiar frå Knut Fures Musikkfond til ungdom under 25 år,
og til C-klassen spesielt.
Les meir om det her:
Fureprisen.


Dansespel
Påmelding til dansespel kan du gjera ved å sende ein e-post til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Salsboder
Vil du (eller bedrifta di) leige salsboder i kappleiksområdet? Kontakt oss på epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.


busksp1w205.jpg





 
         
© 2010 Landskappleiken 2010

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 15A4