Landslaget for Spelemenn
 
 
Hovedside
Konsertar
Utstillingar
Tevlingsprogram
Resutlatlister
Prisar
Premiar
Innkvartering
Meld deg som medarbeidar
Hovudnemnda
Domarar
Praktisk informasjon
Presse
Bilete
Samarbeidspartnar



Login












Hovudsponsorar

  bunadsylv-web.gif
voss-sparebank.jpg
voss kommune.jpg
park1.jpg  hfk.gif encon logo_farge .jpg
 
 
Utstillingar
mandag 22. februar 2010

Jubileumsutstilling, Lars Osa, 150 år

Mølster, Voss folkemuseum

20. juni – 10. september.

Lars (1860 – 1958)  voks opp i Osa i Hardanger, og som sytten-åring var han ein etterspurd  spelemann. Kunstmålarutdanninga si fekk han i Kristiania, København og Paris. Fleire av storverka hans vert å sjå i utstillinga m.a. Hjå Faderen og Eit menneske, begge med klar sosial tendens. Men det var i dei nasjonale motiva han fyrst og fremst fann seg sjølv  – og i portretta. Her låg den eigentlege livsgjerninga hans, særleg etter at han meir bevisst begynte å ta opp den nasjonale linja både i måleriet, musikken og i kyrkjekunsten. Osa var åndsfrisk og arbeidsfør til det siste, difor spenner arbeida hans seg over eit langt tidsrom.  Han var og spelemann på hardingfele og formidla mykje slåttemateriale frå Ola Mosafinn og Sjur Helgeland vidare til sonen Sigbjørn.

Opningstider: kl 10:00-17:00 kvar dag under Landskappleiken

Jubileumsutstillinga ”Lars Osa 150 år” opnar sundag 20. juni  kl. 17:00  i samlingsbygget på Mølster, Voss Folkemuseum. Professor i kunsthistorie Dag Sveen kåserer om kunstmålaren, konsert ved Voss Spelemannslag.



Sveinung Iversen

Kjedlaren, Voss ungdomshall

Sveinung Iversen, f. 1954, er frå Voss. Han debuterte på Haustutstillinga i 1976, og har etter det hatt ca. 60 separatutstillingar. Bileta er innkjøpt av mellom andre Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Bergen Kunstmuseum.Norske folkeviser, treskurd og rosemåling har gjeve inspirasjon til store delar av denne utstillinga. Voss Kunstlag har arrangert denne salsutstillinga som vert å sjå i ”Kjedlaren” på Voss ungdomshall.  

 
Opningstider: 12:00-18:00 kvar dag under Landskappleiken

Musikalske innslag torsdag, fredag og laurdag 13:00-14:00


Utstillinga vert opna tysdag 22. juni kl 19.00.
Musikalsk innslag ved
FYHND, fylkesmusikarane i Hordaland
Reidun Horvei
Frank Rolland
Einar Mjølsnes

Utstillinga er i regi av Voss Kunstlag.

 

SALSUTSTILLING

Bergslitræet i Prestegardsmoen

I Bergslihuset skal Linda Lid stille ut keramikk og Astrid Lirhus pilarbeid under Landskappleiken. Huset vil vere ope kvar dag frå 23.6.-27.6. Det vil også  vera høve å få omvisning og informasjon om Bergslikunstnarane.

Stiftinga Bergsliminne har ansvaret for denne utstillinga.
Opningstider: 12:00-16:00 alle dagar under Landskappleiken


 
 
 




Dans fele A og HMK sin pokal

1. Anne Berit Heide
    Sigurd Johan Heide

2. Jorunn Brynhildsvold
    Harald Tamnes

3. Grete A. Krogsrud
    Hallstein Krogsrud

Lausdans
1. Sigbjørn Rua
2. Tokjell Lunde Børsheim
3. Anders Aasbeg
4. Vidar Undeseth

Vokal A
1. Unni Boksasp
2. Stian Roland
3. Camilla Granlien

Lagspel senior
1. Gubrandsdølenes Spelemannslag
2. Lom Spelemannslag
3. Team Gløs Tøs
4. Indre Sunnfjord Spelemannslag
5. Glåmos Spellmanslag

-Tenk miljø, lat bilen stå, ta kappleiksbussen!

ruteinformasjon mm her


Bedriftsbesøk hjå Sylvsmidja
Ynskjer du å sjå korleis bunadssølvet vert til?
Les meir her.

Facebook:
Landskappleiken er også på facebook; prøv denne linken ;-)

JAKTSTART MED FELEBYTE
– EI FORESTILLING OM VESTLENDINGEN.
jaktstart m felebyte-w300.jpg
Av og med Linda Eide og Sigrid Moldestad med gjester

Dette er ei forestilling for alle, også for dei utan folkemusikalsk slektstavle eller generelt OL-gull! Tek for seg det vestlandske lynnet på godt og vondt med utgangspunkt i folkemusikk, sport og kvardagsliv!
Voss idrettshall fredag 25/6
companylogo.png

Jubileum

Vestlandet feirar tre store jubileum i år, noko som sjølvsagt vil vise att i Landskappleiken sine kulturprogram. Jubilantane er ole bull 2010.jpgSigbjørn Bernhoft Osa (100 år), Lars Osa (150 år) og Ole Bull (200 år).


I samband med markeringa av Ole Bull 200 år vert det arrangert konsert i Sevelid: "Frå Ole Bull til Sigbjørn Bernhof Osa". Sjå konsert-programmet.


Leif Rygg
Intimkonsert med den kjende spelemannen og vossaprofilen Leif Rygg! Les meir om dette i konsertoversikkta.

Tevlingsprogrammet er lagt ut
No finn du tevlingsprogrammet under fana "Tevlingsprogram".
Så - då er det berre å seia, vel møtt på Voss!

Fototeneste under Landskappleiken
 
Herheim foto har tilbod til alle som tevlar om fotografering.
Kontakt informasjon for tinging av fotosession finn du her lagfoto1.

Påmeldingsfristen er ute.

Det har vore god påmelding og alt tyder på at det vert eit innhaldsrikt og godt tevlingsprogram.

Kongepokal i Dans Fele kl A
H. M. Kongen setter opp kongepokal i klassen for dans vanlig fele kl. A ved Landskappleiken på Voss 2010 meldar FolkOrg i dag.
Nok ein god grunn for dansarane frå feledistrikta til å melde seg på til kappleiken. Siste frist for påmelding er 30. mai 2010, så no må de sno dykk rundt om de vil vera med - det er berre to dagar att....


Knut Fures Musikkfond

Store pengepremiar frå Knut Fures Musikkfond til ungdom under 25 år,
og til C-klassen spesielt.
Les meir om det her:
Fureprisen.


Dansespel
Påmelding til dansespel kan du gjera ved å sende ein e-post til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Salsboder
Vil du (eller bedrifta di) leige salsboder i kappleiksområdet? Kontakt oss på epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.


busksp1w205.jpg





 
         
© 2010 Landskappleiken 2010

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 15A4