Fureprisen

I 2010 fekk FolkOrg eit kjempetilbod om å dele ut store pengepremiar til lovande unge musikarar og songarar. Dette kjem frå Knut Fures musikkfond som fram t.o.m 2014 skal dele ut prisar til unge folkemusikarar på Landskappleiken.

Under Landskappleiken frå 2010 - 2014 skal det delast ut ein hovudpris på kr 50.000 til ein deltakar under 25 år uansett klasse innan musikk.

I tillegg til hovedprisen på 50 000,-  vert det også delt ut 10.000 kroner i premie til vinnarane, dersom domarane meiner dei gjer det  særskilt godt eller syner spesielle talent.  For musikarar og kvedarar er det Fure-stiftinga som gjev prisane. FolkOrg set sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.

 

 

Vinnarar

2011

MUSIKKPRISAR (Furestiftinga)

Fureprisen: Bjørn Kåre Odde (fele)

Solveig Brekke Hauknes (spel hardingfele C)
Lars Fivelstad Smaaberg (vokal C)
Rasmus  Kjorstad (fele C)
Ole  Nilssen (durspel junior).


2010


MUSIKKPRISAR (Furestiftinga)

Fureprisen: Ingebjørg Harman Bratland (vokal)

Marie Tveiten frå Seljord (hardingfele kl. C)
Sjur Borge frå Gol (durspel)
Hans P. Kjorstad  frå Harpefoss (fele kl. C)
 
DANSEPRISAR (FolkOrg)

Ingrid Marie Hanem & Jens Erik B. Hanem (Dans fele  kl. C)
Sina Myhr & Eirik Fuglesteg Luksengard (Dans hardingfele kl. C)
Helga Myhr & Øystein Bråten (Dans hardingfele kl. C)
Eirik Fuglesteg Luksengard (Laus kl. C)
 

Om Fureprisen

Furestiftinga står bak premiane til musikk, og Fure-prisen på 50 000,-. Furestiftinga er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.