Kongepokal

FolkOrg søkjer Slottet om Kongepokal i Durspel Senior

For fyrste gong vert det søkt om Kongepokal i klassa for Durspel senior under Landskappleiken. Dette vart vedteke i styremøtet til FolkOrg 26.januar.
2012-02-17 Les mer...

Vi treng dugnadsfolk!

For å gjennomføre landskappleiken treng vi mange hender i arbeid! Alle som melder seg til dugnadsarbeid får ein billett. Dersom du tek på deg tre vakter eller fleire får du gjennomgangsbillett. Meld deg til ei eller fleire trivelege arbeidsøkter til Ester Midtli på tlf 95 86 27 13.
2012-01-31 Les mer...

Ynskjer du å delta på Landskappleiken?

Alle som deltek på Landskappleiken må vera medlemmer i FolkOrg (organisasjonen for folkemusikk og folkedans i Noreg). Dette kostar kr. 220. Send ein e-post til jorun@folkemusikk.no så vil ho hjelpa deg. I tillegg må alle som deltek betala ei deltakaravgift til sjølve Landskappleiken. Den kjem vel til å liggje på kring kr. 300. Då får du tilgang til alle tevlingane og dei fleste konsertane. Om ikkje alt for lenge så kjem påmeldingsskjemaet til Landskappleiken til å verta lagt ut. 

2012-01-30 Les mer...

Kappleiksresultat 2005 - 2011

Her finn du linkar til kappleiksresultat. Resultata ligg ute som word-filer og pdf-filer Kappleiksarrangørar kan sende inn resultat til info@folkemusikk.no
2012-01-30 Les mer...

Promoteringskonsert

Det blir promoteringskonsert fredag ettermiddag under kappleiken. Dei som kjem med ny cd dette året, og som ynskjer å delta på denne konserten, kan ta kontakt med kulturansvarleg Linda Grindstuen på tlf 99 03 43 88.
2012-01-20 Les mer...

Landskappleiken treng fleire sengeplassar!

Er det nokon som har ledige rom, senger, hytter, campingvogn etc på/rundt Otta og kunne tenkje seg å leie ut nokre dagar for deltakarar på landskappleiken?? Ta kontakt med Erna Furseth, Innkvarteringsansvarleg på tlf: 41 60 29 29
2012-01-20 Les mer...
campingvognar på veg til landskappleiken 2012

Innkvartering

Dersom du ynskjer vognplass, teltplass eller innkvartering på klasserom kan du ta kontakt med:

Erna Furseth
Innkvarteringsansvarleg
Tlf: 41 60 29 29
E-post: erna@regionkontoret.no

2012-01-20 Les mer...

Hovedkomiteen for landskappleiken 2012

Her finn du kontaktinformasjon til hovedkomiteen for landskappleiken 2012.
2012-01-20 Les mer...
Arrangørkomite 2008 -09-24 014

LANDSKAPPLEIKEN 2012

Velkomen til Otta 27. juni - 1. juli 2012

Arrangør av Landskappleiken 2012 er Sel og Otta Spel- og dansarlag. Landskappleiken har vore arrangert på Otta tidlegare, dette var i 1985. Ellers har laget vore arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 1997 og 2003. Laget består av ei sammenslutning av Sel Spel- og dansarlag stifta i 1999 og Otta Spelemannslag stifta i 1954. Sammenslutninga vart gjort i 2009. Laget har omlag 150 medlemmar og har eige spelemannslag.