Instrumentutstilling - 6 - Foto Runhild Heggem_600x400.jpg
Foto: Runhild Heggem

Instrumentutstillinga omfattar hardingfele, vanleg fele, langeleik, eldre folkemusikkinstrument som tre- og beinfløyter, lur, bukkehorn og munnharpe. Det er berre hardingfeler og vanleg feler som skal dømmast, men langeleik kan òg dømmast dersom det er ønskje om det.

Påmelding
Deltakarane på instrumentutstillinga må vere medlem av FolkOrg for å delta. Påmeldinga til Landskappleiken 2018 stengte 24. mai. Dersom ein har spørsmål om deltaking kan ein ta kontakt med Ingrid Schei Stuhaug i FolkOrg, ingrid@folkorg.no.

Årets utstilling
Utstillinga vert i år sentralt plassert ved sidan av stemnekontoret på Trysil Vidaregåande skule. Instrumenta som skal dømmast må vere levert på stemnekontoret onsdag 27.juni innan kl. 12:00. Instrumenta må ikkje vere eldre enn 2 år, og dei må ikkje ha vore med på utstillingar tidlegare.

Dømminga av instrumenta skjer onsdag og torsdag, og er berre open for dommarane. Instrumentutstillinga vert fredag og laurdag kl. 12:00 – 18:00 og er open for alle. Vel møtt på utstillinga i løpet av desse dagane!

Kontaktperson for utstillinga er Sigrid Stubsveen, e-post: sigrid@landskappleiken.no