Det er styret i FolkOrg som vedtar om dei skal utnemne heidersmedlem det året og kven som eventuelt skal bli utnemnd etter framlegg frå medlemslag, enkeltmedlemmar, administrasjonen, eller styremedlemmar. Dette er utnemning som skal henge høgt, og det er slett ikkje ei sjølvfølgje at det blir utnemnd heidersmedlemmar kvart år. Men også  i år fekk styret inn mange gode forslag, og det var inga enkel oppgåve å peike ut den eine kandidaten.  Etter ei totalvurdering blei styret samde om at i år var det Johannes Sundsvalen, ein viktig tradisjonsberar og læremeister i ei bygd med rike folkemusikktradisjonar, som fortente utmerkinga.

Sundsvalen vart født i 1947, og blei tidleg interessert i felespel gjennom dansen der han fekk høyre fleire store utøvarar, til dømes Kristiane Lund og Gjermund Haugen. Sistnemnde blei eit førebilete i spelstil, fyrst og fremst gjennom lærarmeistaren Johannes Evensen.

Gjennom eit par tiår var Johannes ein ihuga kappleiksdeltakar og spelte seg raskt opp i A-klassa med mange gode plasseringar. I 1990 gjekk han til topps på Landskappleiken i Nordfjordeid. Ved sida av kappleikspeling har det vore konsertar og dansespeling. Sidan 2001 har han vore musikalsk leiar i spelemannslaget Bøheringen.

I 1992 gav Johannes Sundsvalen ut CD-en Sølvbrura. Tittelsporet er ein sjølvkomponert bruremarsj. Elles er slåttane frå det ein kan kalle standardrepertoaret i Telemark, og da særleg slåtter som Gjermund Haugen nytta mykje. Han tok til med opplæring i hardingfelespel heilt attende i 1978, då i regi av Folkemusikkopplæringa i Telemark, eit tiltak drege i gang av Jon Stuvøy (1915-2003). Frå 1987 overtok kommunale musikk- og kulturskular organisering av opplæringa.

Sundsvalen har, i tillegg til i heimkommunen Sauherad, drive opplæring i Bø, Seljord, Nome, Notodden og Porsgrunn. Talet på elevar gjennom alle desse åra kan setjast til fleire hundre! Han har ein stor del av æra for at rekrutteringa av hardingfelespelarar i Telemark har teke seg opp, og det er i dag mange unge og gode spelemenn/-kvinner som har hatt Johannes som læremeister. Etter nærare 40 år med opplæring har han gjeve denne oppgåva vidare til yngre krefter frå og med skuleåret 2016/17.

I 2007 fekk han Telemark fylke sin kulturpris. I grunngjevinga er det peika både på eit høgt kunstnarrisk nivå og innsatsen innan opplæring.

Med andre ord er Johannes Sundsvalen i høgste grad kvalifisert til å bli heidersmedlem i FolkOrg!

Utsnitt_Nytt_Heidersmedlem_i_FolkOrg_Johannes_Sundsvalen_foto_ThomasWestling.jpg
Johannes Sundsvalen, nytt heidersmedlem i FolkOrg
Foto: Thomas Westling