Laurdag 13.januar vart det arrangert kurs på dagtid i felespel for både vaksne og unge, halling for unge, vokalkurs og runnomkurs. Alle dei 52 deltakarane og fleire til, fekk vere med på ringmoro da kursa var over. På kvelden vart det heldt eit åpent møte med FolkOrg, kappleiksarrangøren og frivillige for å vite betre kva som skjer mellom 27.juni-1.juli. 90 personar tilbords og Happy Skvett skapa god stemmning med god dansemusikk utover kvelden. Vi dansa jula ut og LK18 inn og kjenner at vi begynner å bli klare for årets Landskappleik!

 

38792519665_c77036030a_k_550x292.jpg
Ringmoro for alle. Foto: Thor Hauknes