Kongepokalen vart delt ut under meisterkonserten på Landskappleiken på Røros sundag. Bratheim Bø og Narverud har ikkje vunne klassa tidlegare, men leverte ein fantastisk finaledans laurdag kveld. I finala kniva dei med Tone Voldhaug og Stian Roland som kom på andreplass og Ingunn Stræte Lie og Ulf-Arne Johannessen som kom på tredjeplass.

Sist kongepokalen vart delt ut i dans hardingfele var på Geilo i 2009. Då vann Ulf Arne Johannesen og Ingunn Stræte Lie. Tidlegare vinnarar av kongepokalen i dans hardingfele er Ami og Håkon Dregelid, Gunnlaug Lien Myhr og Håkon Tveito, og Hilde Bjørkum og Vidar Underseth.

Resultat etter finala i dans hardingfele klasse A:

1. Ingebjørg Bratheim Bø, Ola Narverud - Bø Dansarring, Småjondølenes dansarlag

2. Stian Johan Roland, Tone Voldhaug - Øystre Slidre Spel- og dansarlag

3. Ulf-Arne Johannessen, Ingunn Stræte Lie - Ål spel- og dansarlag

 

VINNARE I DANS HARDINGFELE KLASSE A OG KONGEPOKAL 2017

Ingebjorg Bratheim Bo og Ola Narverud - LK17 - Foto Runhild Heggem_600x400.jpg
Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud
Foto: Runhild Heggem