Fra de mollstemte skoger
Foto: Trygve Opseth

Vi er veldig stolte av å tilby eit spennande og variert konserttilbod for både vaksne og barn, i tillegg til alle tevlingane på årets Landskappleik i Trysil. V i har prøvd å gjera konsertane så ulike som mogleg slik at vi favner mest mogleg av det som presenterast på ein kappleik og for å nå eit bredt publikum. Vi har og prøvd å spre utøvarane geografisk, men naturlegvis med hovudvekt på dei lokale. 

Det er 29 år sidan sist det vart arrangert Landskappleik Trysil, så er vi stolte over å vise fram tradisjonsmaterialet vi har frå Engerdal og Trysilområdet. Det skjer mellom anna på åpninga på onsdagen. Da skal dei unge frå Trysil vise kva dei har jobba med i dette Landskappleik-året. "Vi ser allereie ei auke i  rekrutteringa til folkdansen og folkemusikken i Trysil i år", seier primusmotor for rekkrutteringa, Else Myhr. Seinare på onsdagskvelden visast bestillingsverket "Å vere i livet" i Trysilhallen der dikta til Halldis Moren Vesaas gjør bakteppet for forestillinga. 

Der øst ved grensefjellets side der går et stille elvedrag. Der ligg altså Trysil, tett på Sverige, og som Sven Moren sa ein gang: Avsides og veglaust, med ryggen krøkt inn i Sverige og andletet gøymt i storskogen låg Trysil i gamal tid. Da er det naturleg at vi drar til med ein norsk-svensk dansekonsert på Kappleikshotellet fredag kveld med spelmenn frå begge sider av grensa. Publikum kan legge seg ned og nyte den varierte konserten eller kaste seg ut på dansegolvet og «lytte med hele kroppen».

Nede i bygda blir det småmoro, «Dyr og rare kjerringer» og kyrkjekonsert med «seks stemmer –seks tradisjoner».  Så her skjer det mykje for alle. I tillegg kjem den kulturelle spaserstokken på Trysil Sykehjem, plateslipp, gudsteneste med folkemusikkpreg og mykje meir. 

Utover alt dette er det også Sjokoladekappleik, tevlingsfinalar og Meisterkonsert med Fureprisfinale.

Meir informasjon kjem i drypp utover, så følg med!

Vi er stolte over dette kulturprogrammet og håper på å sjå deg i Trysil på Landskappleiken!
Her kan du sjå heile programmet

Vi trur verkeleg på vårt motto og Einar Skjæråsen sine ord: Itte får je sova, og itte vil je hell!
Velkomen til Trysil og Landskappleiken!