Eg synest det er artig å vere friviljug på Landskappleiken fordi eg er ein del av eit fellesskap. Under kappleiksdagane er hundrevis av menneske i sving for å gjere ein friviljug innsats, og då vil ikkje eg vere noko dårlegre. Det gjer godt for sinnet å vite at ein har gjort noko for fellesskapet.

Som utøvar veit eg at det ikkje hadde vorte nokon kappleik utan dei friviljuge. Derfor er eg takksam for alle som stiller opp slik at dansarar, spelemenn og kvedarar kan ha det best mogleg. Både før, under og etter vi har vore på scena.

Mari Midtli
Frivillig under Landskappleiken 2016

 

Her kan du melde deg som friviljug til Landskappleiken på Røros i 2017

 

Foto: Johan Røed