Når vi skal arrangere Landskappleiken 27. juni til 1. juli 2018 treng vi mange hender i arbeid!

Vi treng folk i alle aldre med all slags kompetanse - vi treng deg!

Du som tek på deg frivillig arbeid i minst 8 timar (vaktene har ulik lengde) får godt med mat og drikke, T-skjorte, billettar til alle tevlingar og dansefestar og ikkje minst invitasjon til ein heidundrande dugnadsfest til hausten! 

Meld deg som frivillig med det same, og bli invitert til Kick-off-helga i Trysil, laurdag 13. januar 2018. Vi inviterer her alle dugnadsfolk til kursdag med informasjon om Landskappleiken, middag og fest. Les meir om Kick-off-helga her

Fyll ut skjema under for å melde deg som frivillig - velkommen på laget!
Nb! Alle felt merka med * må fyllast ut