7F61BA14-A07F-4320-B59F-7F383AAB3C36_550x550.jpg
Disse sju artistane skal røre ved publikum på Norsk-svensk spellmannsmøte. 


Her får vi servert musikk frå Trysil/Engerdal, Västra Dalarna og Värmland kor publikum kan sette seg ned og nyte den varierte musikken eller å kaste seg utpå dansegolvet å"lytte med heile kroppen". Det er lange tradisjonar for fellesskap over grensa, og folkemusikktradisjonane i regionen har mykje slektskap. Tett samspel preger tradisjonane, så her blir det fullt trøkk, men og soloframføringar, og musikarane knytt det heile saman med muntre historier og kunnskapsrike presentasjonar. 

På scena møter vi sterke tradisjonsbærarar, ein songar og seks spelmenn: Marja Rojås og Perjos Lars Halvarsson frå Västra Dalarna, Mats Berglund og Klars Anders Haglund frå Värmland, Jan Wesenberg frå Oslo og Else Myhr og Sigrid Stubsveen frå Trysil/Engerdal.

 

Marja Rojås - songar frå Boda som vaks i opp i eit genuint folkemusikkmiljø, med far som spelemann og mor som visesongar. Ho er rikgsspelemann og arbeider i dag ved Malungs Folkhögskola som folkesongar og songpedagog. 

Perjos Lars Halvarsson - frå Lima i Västradalarna og er gift med Maria. Han er smed ved Malungs Folkhöskola forutan å vere spelemann og ein drivande god dansar. 

Mats Berglund - kjem frå Köla i Vestvärmland og har sidan 1970-talet forska spesielt på den assymetriske tre-taktmusikken  i grenseområdene mellom Värmland og Norge. I dag er han felelærar på Musikhögskolan Ingesund og masterstudent ved Rauland, der han jobber med prosjektet "Gränslös tre-takt". 

Klas Anders Haglund - er også frå Köla og har hatt Mats som inspirasjonskjelde og lærarmeister. Han har vore musikar ved Veståna Teater i ein årrekke. Tradisjonsmusikken han speler kjem først og framst frå grenseområda mellom Värmland og Hedmark. 

Jan Wesenberg - er ein allsidig spelemann som mellom anna er botanikkar, redaktør og statsautorisert tolk. Han har spelt fele frå ungdomsåra og er i dag av dei gamle i Folldal Spellmannslag. Han har dei siste 5 åra har han spelt torader og spesialisert seg på polsdanser med kort treer på "mollspel". 

Else Myhr - utdanna folkemusikkar og folkemusikkpedagog ved Musikkhögskolan Ingesund. Ho er særs aktiv i rekrutteringa i folkemusikkmiljøet i Trysil. I 2015 ga ho ut "I spillende stund", ein solo CD med utgangspunkt i tradisjonsmusikken i Trysil og Engerdal. Ho er også leiar av kulturnemnda for årets Landskappleik. 

Sigrid Stubsveen - engerdøl med hjarte for formidling av tradisjonsmusikken frå Engerdal og Trysil. Tar for tida master ved Noregs Musikkhøgskole med utgangspunkt i denne tradisjonen.  Ho debuterar i år i A-klassa på "heimebane" og lovar å spele lokale slåttar. 

Her er det bare å gle seg til ein varm, variert og fengande dansekonsert! 

Konserten er på Kappleikshotellet fredag 29. juni klokka 20.30.
Her kan du kjøpe deg billett allereide no!

Vel møtt!

LK2018 Trysil - Navnetrekk - mørk oransje_500x145.png