Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangement, men har kvart år ein lokal arrangør som gjerne er eit av dei lokale spelemannslaga i organisasjonen.

Dei fyrste landskappleikane - om ein kan kalle dei det - vart skipa til av Vestmannalaget i Bergen. Fyrste gong i 1896, og siste gong i 1914, til saman 11 gonger.

I 1903 vart det helde landskappleik i Oslo. Den Nationale Forening stod bak arrangementet det året. I åra frå 1918 til 1922 var det igjen i Oslo. Landslaget for spelemenn vart skipa i 1923, som eit særlag i Noregs Ungdomslag, og frå 1923 er det LfS som har stått for Landskappleiken.

Frå fyrst av var Landskappleiken kappspel for hardingfele. Frå 1924 var det deltakarar på vanleg fele, men det var svært få som var med. Fyrste gongen Landskappleiken vart arrangert i eit reint feledistrikt var i Lom i 1954, og frå den tid har fela vore ein likeverdig partnar med hardingfela.

Det gjekk lang tid før kveding kom med på Landskappleik - fyrste gongen var i Notodden i 1958. I Førde i 1995 vart det for første gongen klassedeling i vokal folkemusikk slik som i spel: A-, B-, C- og D-klasse.
 

2013_DansHardingfeleA_MargitMyhr_SiljeRisdalLiahagen_VetleSpringgard_FotoHannaFauske_.jpg

Dans Hardingfele
Margit Myhr og Silje Risdal Lihagen dansar med Vetle Springgard
Foto: Hanna Fuske