Plateslepp: Ole Nilssen

Fredag 6. juli kl 17:00
Sted: Kaffestuggu.

Ole Nilssen frå Løten er ein ung, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Dette året er han aktuell med si fyrste soloplate der slåttespel solo på trekkspel har fokus. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten og gjennom studiar ved m.a. Norges Musikkhøgskule har han jobba med den tradisjonelle slåttemusikken, og samstundes utforska det store spennet tradisjonsmusikken frå heimplassen har. Ole er og dansar og har vunne A-klassa på Landskappleiken to gongar. Plata er eit portrett av Ole som musikar og inneheld alt frå vare salmetonar til danseslåttar etter fanden sjølv.

Det er gratis inngang på platesleppet - velkommen!

Ole_Nilssen.jpg
Ole Nilssen - Foto: Cathrine Dokken