Gnist-prisen
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Prisen vert delt ut under meisterkonserten på Landskappleiken, og du kan lese meir om prisen og nominere din kandidat her.  Fristen for å nominere inn er 24. mai.

Fureprisen og furestipend
Landskappleiken har motteke pengar frå Furestiftinga til Fureprisen og Furestipend sidan 2010, og ordninga er forlenga t.o.m. Landskappleiken 2019. Fureprisen er på 50 000 kr, og Furestipenda på 10 000 kr vert delt ut til vinnarane av C-klassane, dersom dommarane meiner dei gjer det særskilt godt eller syner spesielle talent. For musikarar og kvedarar er det Furestiftinga som gjev hovudprisen og stipenda. FolkOrg set opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.  

Årets Fureprisfinale vert under meisterkonserten søndag. Fureprisfinalistane vert offentleggjort laurdag kveld, og kandidatane vert plukka ut under dei ordinære tevlingane på kappleiken, og ikkje under finalane.

Kongepokalen
I år har H. M Kongen sett opp kongepokalen i dans fele kl. A. Klassen er sett opp laurdag ettermiddag, og finalen vert laurdag kveld. Vinnarane vert offentleggjort under meisterkonserten søndag føremiddag! 

Ekstrapremie frå Riksscenen
I år har Riksscenen sett opp ein ekstrapremie til vinnarane av lagspel jr. og vokal kl. C. Desse vert invitert til å lage konsert på LilleRiksen før Meisterkonserten i Operaen søndag 11.november! Camilla Granlien vil hjelpe klassevinnarane til å sette saman konserten.   

Meisterkonserten i Operaen
Måndag 7. mai vert det offentleggjort kva slags klassevinnarar som vert invitert til å opptre på Meisterkonserten i Operaen søndag 11.november. Billettsalet opnar 28. mai, og billettar kan kjøpast via https://operaen.no/

 

Furestipendmottakere, meisterkonsert - 01 - LK17 - Foto Runhild Heggem.jpg

Foto: Runhild Heggem