Sjokoladekappleik.jpg
Foto: Runhild Heggem

Sjokoladekappleik - alle som deltek får sjokolade i premie!

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans. Du kan velje om du vil delta som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg attendemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er ei fin anledning til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei som er under 12 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade! 

Tid: Laurdag 30. juni kl 13.30
Stad: Hotellet (Radisson)
Deltakeravgift: GRATIS!

Du kan melde deg på når du kjem på Landskappleiken, eller du kan melde deg allereie no ved å fylle ut skjema under. Hugs at ein føresett må godkjenne at du deltek ved å oppgje kontaktinformasjon. Du (ved foresatte) kan og velgje å godkjenne at det vert teke bilete/film av deg til bruk i arbeidet til FolkOrg og Landskappleiken.

Kontaktperson:
Veronika Johnsen
Kulturkomiteen
E-post: v_johnsen@yahoo.no