Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring for dei yngste, utan dømming og poengsummar, der ein kan delta med sang, spel eller dans, som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. Dette er ein fin anledning til å trene seg i å opptre, og for mange eit av høgdepunkta under Landskappleiken! Mønstringa er tenkt for dei under 14 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!

Kappleiken vil finne stad i Gymbygget laurdag 8.juli kl. 12.00.

Påmelding på kappleikskontoret
Frist for påmelding er satt til kl. 10.00 laurdag 8.juli.

For meir informasjon, ta gjerne kontakt med: 
Mari Eggen
E-post marieggen67@gmail.com
Telefon 45200504

Illustrasjonsbilde Sjokoladekappleik