Onsdag 21. juni byrjar Landskappleiken i Lom, og mange av dei beste folkemusikarane og folkedansarane er påmeldt for å delta på årets store folkemusikalske høgdepunkt. I løpet av fem kappleiksdagar i Lom kommune vert det over 1500 deltakingar fordelt på 921 personar og 472 startnummer. Det betyr til saman over 70 timar med tevlingar i løpet av desse dagane. Landskappleiken er den største konkurransen innanfor norsk folkemusikk og folkedans, og den eldste festivalen i Noreg.
Startlistene er klare
No er startlistene klare! Startrekkefølga er trekt, men vi har fløtt nokre deltakingar der vi har sett at det kolliderer. Det er viktig at alle som skal delta, ser over om det er noko som kolliderer for deira deltaking. Frist for attendemelding til FolkOrg er fredag 2. juni kl 12.00. Send e-post med forklaring på kva som må endrast til live@folkorg.no - merk at det er kun nødvendige endringar vi kan gjere.
Her kan du sjå startlistene for Landskappleiken 2023
Deltakarar og interesserte frå heile landet samlast!
Landskappleiken er den store hendinga for folkemusikk og folkedans i Noreg. Deltakarar og interesserte frå heile landet er samla, og du får oppleve utøvarar på alle nivå og i alle aldrar.
«Vi er svært glade for at det er så god deltaking i år, vi set pris på kvar og ein som har meldt seg på og vi ser fram til å ønskje alle deltakarar, publikummarar og friviljuge velkomne til kappleiksarenaen vår i Lom», seier Grete Sjurgard, leiar i hovudnemda for kappleiken i Lom.
Landskappleiken er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, og vert arrangert på ein ny stad kvart år. Landskappleiken har vore arrangert i Lom ein gong før, og dette var i 1954 av Spelemannslaget Jakup Lom. Denne gongen er det Lom Spel- og dansarlag som er arrangørlag og dei har jobba lenge for å gjere alt klart til dei mellom 3000 – 5000 tilreisande som er venta å ta turen til Lom 21. – 25. juni i år.
«Landskappleiken er eit stort og krevjande arrangement der det skal tevlast i heile 39 klasser, så det er ikkje noko enkel oppgåve dei har teke på seg i Lom Spel- og dansarlag. Men det er ingen tvil om at arrangørlaget har planane i orden og god kontroll på arrangementet", seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan. Ho er glad for at deltakinga har teke seg opp att og no ligg på om lag same nivå som før koronapandemien med totalt 472 startnummer. «Det er god deltaking i alle klasser, men vi ser at det er spesielt god påmelding i klassa for eldre folkemusikkinstrument, noko som ganske sikkert har samanheng med at det er sett opp Kongepokal i den klassa og i hallingklassa i år», seier Reitan.
Kongepokal i to klassar
Vi er stolte og audmjuke over at H.M. Kongen også i år gjev oss moglegheit til å dele ut Kongepokal. På grunn av pandemiåra har vi også i år to pokalar til utdeling. Det er klassane Eldre folkemusikkinstrument senior og Halling klasse A som skal tevle om Kongepokalar. Vinnarane av pokalen vert avgjort etter ein eigen finale laurdag kveld, og kven som til slutt får med seg heim kvar sin Kongepokal får vi vete under Meisterkonserten sundag formiddag.
Stort kulturprogram
Landskappleiken startar onsdag kveld med storstilt, gratis opningskonsert i hallen i Utgard. Her får vi høyre fleire lokale utøvarar i solo og samspel, både unge lovande talent og profesjonelle utøvarar. Etter konserten vert det mogleg å kjøpe seg inn på matgilde med Arne Brimi. Her vert det mange gode smakar med lokal mat og drikke, og etter mat er det sjølvsagt klart for dans!
I tillegg til at kvar tevling er ein fantastisk konsert i seg sjølv vert det eit rikhalding kulturprogram utover i kappleiksveka. Det vert fleire konsertar og aktivitetar, blant anna Go’kartevling og festival for borna i Presthaugen både fredag og laurdag.
Her kan du sjå heile programmet.
Fortsatt behov for friviljuge!
Vi har fortsatt behov for friviljuge, meld deg gjerne til ei vakt eller to!
Her kan du lese meir og melde deg på som friviljug!
Om Landskappleiken
Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet og den eldste festivalen i Noreg (arrangert første gang i Bergen i 1896). Årleg samlast omlag 1400 aktive spelemenn, folkesongarar og –dansarar på Landskappleiken, for å tevle i folkemusikk og folkedans.
Landskappleiken skal bidra til å ta vare på og styrke dei eldste vokal-, spel-, og danseformene det er tradisjon for i kvart distrikt. Under Landskappleiken syng/spelar ein - eller dansar til - bygdedansmusikk eller dei eldste slåtteformene frå eit tradisjonsområde i Noreg. Det vert framført folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil.
Arrangementet går over fem dagar i slutten av juni, og 3000 tilreisande kjem kvart år til kappleiken. Landskappleiken er ambulerande og flyttar kvart år til ein nytt arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans som eig arrangementet, men har kvart år ein lokal arrangør som ofte er eit av dei lokale spelemannslaga i organisasjonen.