Kven var Ole Bull?

I folkemusikkmiljøet er Ole Bull (1810-1880) kjend som fiolinist og komponist, ein dyktig musikar med sterke røter i folkemusikktradisjonen. Særleg Myllarguten var ein viktig inspirasjonskjelde for han, og Bull transkriberte fleire av slåttene hans. Som musikar sjølv likte Bull godt å improvisere, og han var ein svært god utøvar. På denne tida var det vanleg å sende rundt ein hatt som publikum kunne legge songtitlar i, og så kunne musikaren trekke ein lapp og lage improvisasjon utifrå dette. Det seiest at Beethoven var meistaren i Europa, men at Ole Bull ikkje var langt bak. Og kanskje gjorde dette Ole Bull ein smule stormannsgal, då han kjøpte eit stykke land i Amerika som kan skulle kalle Oleanna (men som diverre synte seg å vere berre ørken og stein), eller då han kjøpte si eiga øy utanfor Bergen og bygde seg eit lite palass på det.

Ole Bull.jpg

Kva har han med Vågå å gjere?

På prestegarden i Vågå budde det på slutten av 1700-talet to systre med familien sin, Christine og Gidsken. Christine vart oldemora til Edvard Munch, og Gidsken vart bestemora til Ole Bull, og dei båe vaks opp og vart gift i Vågåkyrkja. Desse damene, bestemora og oldemora som han kalte «tante Storm», vart viktige inspirasjonskjelder for Ole Bull. Dei fortalde eventyr og segn frå Vågå, og Bull hadde sterk tilknyting til slekta og røtene i Vågå, sjølv om han aldri var i bygda. «Tante Storm» var ein matelskar, og det er mogleg å kjøpe den nyutgjevne boka Fru Christine Storm Munch og hennar kokebok med oppskriftene hennar.

Avduking

26. juni klokka 18.00 er det avduking av statuetten i Ullinsvin, med song av Ann Cathrin Tessnes og felespel av Mads Erik og Bjørn Kåre Odde. Primus motorar bak prosjektet, Unn og Birger Bostad, fortel at det var noko diskusjon om kvar den 86 cm. høge statuetten i bronse skulle stå i prestegardshagen Ullinsvin, heilt til dei fekk den Vågå-baserte kunstnaren Kjell Erik Killi Olsen på besøk. Han fann ein fin, gamal stein i hagen som statuetten skal stå på, ikkje langt frå bysta av slektningen Edvard Munch. Statuetten er laga av Anders Svor (1864-1929), og Unn Bostad seier at han faktisk studerte ved Den Kongelige Tegne- og Kunstskole i Christiania under lærar Julius Middelthun, samstundes som Edvard Munch og Vågå-kunstnaren Jo Visdal. Ho tykkjer ho kan sjå fleire likskapar mellom Munch og Bull. «Dei båe skapte utifrå lidenskap, draumar og lengt. Utan atterhald formidla dei  kunstverka sine, kvar på sin måte. Dei var båe modige og litt "ville" personar», seier ho. Og slik kan Edvard Munch og Ole Bull halde fram med å inspirere alle som kjem innom Ullinsvin, til å vere seg sjølv og våge å gjere det ein draumar om.