Det blir eit rikhaldig heildagsprogram med folkemusikk og folkedans for alle aldre.
Sjokoladekappleik der dei yngste får vise seg fram, dansekurs der kven som helst kan delta, konsert der du kan nyte musikk frå nokre av landets beste utøvarar og fest med både gamaldans og bygdedans med sal av mat og drikke til langt på natt.

Du kan få vite meir om kva Landskappleiken eigentleg er, og sjølvsagt blir det moglegheit til å melde seg som friviljug. Håpar du vil dele dagen med oss!

PROGRAM FOR DAGEN!

11:00 - 12:00 Sjokoladekappleik (Utgard)

13:00 - 15:00 Dansekurs: Lomsspringleik - for alle nivå (Utgard)

16:00 - 17:00 Eftaskonsert med plateaktuelle Astrid Sulheim og Mari Midtli + Linerla songgruppe (Norsk fjellsenter)

18:00 Dørene opnar, sal av mat og drikke (Utgard)

19:00 Dansefest med Lendmenn og fleire lokale spelmannslag og grupper (Utgard)


Det blir sal av mat og drikke på dansefesten om kvelden, inkl. skjenkeløyve. 
Personar under 18 år må kome i følge med ein vaksen.

Utøvarar på dansefest:
Lendmenn
Lom spelmannslag
Lom toradergruppe
Lom trekkspelklubb
Bygdedansstafett: Kjellbjørn Karsrud / Astrid Sulheim / Ole Erik Feragen
Vågå spelmannslag
Sel og Otta spelemannslag
Skjåk toraderlag

BILLETTAR:
Sjokoladekappleik: GRATIS. 
Påmelding innan 10. mars via dette skjema https://forms.office.com/r/K0Jv5WHfz6

Dansekurs: GRATIS, inga påmelding (alle som deltek på kurs får også gratis inngang til festen på kvelden)

Eftaskonsert: 200,- (over 16 år), 100,- (12-16 år), GRATIS (under 12 år) https://ebillett.no/utgardflerbrukshus/1700

Dansefest: 150,- 
https://ebillett.no/utgardflerbrukshus/1578

Billettar til konsert og dansefest kjøper du i døra eller via ebillettsystemet til Utgard.

Arrangør: 
Dette er eit samarbeid mellom Landskappleiken i Lom 2023 v/ Lom spel- og dansarlag og Jakupscena.

OM LANDSKAPPLEIKEN:
Landskappleiken arrangerast 21.-25. juni 2023 i Lom. Det er Lom spel- og dansarlag som er lokal arrangør, medan FolkOrg eig arrangementet. Landskappleiken er ei nasjonal tevling (tilsvarande NM) i folkemusikk og folkedans der det er dei eldste formene det vert tevla i. Kappleiken samlar fleire tusen menneske gjennom dei fem festivaldagane, og byr på eit variert kulturprogram, kurs, arrangement for barnefamiliar, dansefestar og tevlingar.