Som ei oppsegling til Landskappleiken vil det bli arrangert eit «båtcruise» på Møsvatn tysdagen i kappleiksveka. Mange kjenner til Håvard Gibøen, Møsstronds mest vidgjetne spelemann. Og ein god grunn til å leggje ein slik båttur til Møsvatn er nettopp å gjeste dei stadane som har slåttenamn og eller slåttesoger knytt til Håvard Gibøens rikhaldige slåtterepertoar. Men dette vil òg handle om andre slåttesoger knytt til fjellbygda oppunder Hardangervidda. Mange av slåttane er sentrale i det norske hardingfelerepertoaret, sjølvsagt mest i Telemark , men òg vidare utover. Det er nok å nemne Falkeriset, Førnesbrunen og Gaute Navarsgard. Men her er fleire, nok til ein heil konsert og vel så det. 

Tanken bak ein båttur er å la spelemannen Ottar Kåsa, opphaveleg frå Arabygdi i Rauland, spela desse slåttane etter kvart som me kjem rundt vatnet med Fjellvåken, ein katamaran som til vanleg trafikkerer Møsvatn fire mil inn til Mogen turisthytte sommarstid. Kjell Bitustøyl, også han opphaveleg frå Rauland, vil vera med som forteljar. 

Planen er å koma rundt til desse stadane i løpet av båtturen og koma i land einskilde stadar. Det vil til dømes vera naturleg med ein stopp ved Møsstrond kyrkje der minnesteinen over Håvard Gibøen stend. Kyrkja er den soknekyrkja som ligg høgast i landet. Vêret vil sjølvsagt vera ein faktor som spelar inn, for bygda Møsstrond ligg i eit ope landskap. Sjølve Møsvatn ligg på 918 moh, medan dei mest høgtliggjande gardane ligg på nærare 1000 moh.

Avreise frå Møsdammen

Tid: Tysdag 21. juni kl 17:00
Stad: Avreise frå Møsdammen
Billettpris kr 400,- 

KONSERTEN ER UTSELD


Dersom spørsmål ta gjerne kontakt: 
Johan Vaa
Epost: johanbvaa@gmail.com
Telefon: 994 59 470