Laurdag 24. juni kl. 11.00 - 14.00
Presthaugen, Lom bygdamuseum
Alle opplevingane på barnekappleiksfesten er gratis.
Du får kjøpt kaffe, småmat og drikke i kiosken.
Presthaugen, Lom bygdamuseum
Alle opplevingane på barnekappleiksfesten er gratis.
Du får kjøpt kaffe, småmat og drikke i kiosken.
Kl. 11.00-14.00: «Sjå det store i det små»
Lom Knipsarlag har laga ei flott foto-rebusløype i Presthaugen. Passar barn i alle aldre.
Lom Knipsarlag har laga ei flott foto-rebusløype i Presthaugen. Passar barn i alle aldre.
Kl. 11.00-14.00: «Kvist og tråd – Sette spor»
Under Barnekappleiksfesten vil Lom husflidslag ha aktivitet med «Kvist og tråd» for dei yngste, og med ein felles strikkedugnad håpa oss å kunne «Sette spor» i løpet av kappleiken. Velkome innom «tunet» utanfor Glømsdalsstugu.
Kl. 11.00-14.00: «Liv i alle husa»
Lom bygdekvinnelag orgar til bakst og liv i dei ulike gamle husa i Presthaugen. Her er det berre å stikke innom for å smake eller «hjelpe til».
Kl. 11.00-13.00: Sjokoladekappleiken 2023 – Årets høgdepunkt!
Det er stor stas når barna sjølv skal få opptre for kvarandre. Sjokoladekappleik er ein suksess som vert gjenteke på både Landskappleiken og Landsfestivalen kvart år. Det er ein uformell arena der barn syng, spelar og dansar for kvarandre, med ei sjokolade som premie. Det er inga dømming og rangering, berre uformell moro.
Påmelding kan du gjere her seinast kl. 12 dagen før.
Påmeldinga er no stengt, men det blir høve til å melde på nokre innslag ved oppmøte dersom ledig plass.
Vi har maksgrense på 60 innslag, så det gjeld å melde seg på tidleg.