Fredag 23. juni kl. 11.00 - 14.00
Presthaugen, Lom bygdamuseum
Alle opplevingane på barnekappleiksfesten er gratis. 
Du får kjøpt kaffe, småmat og drikke i kiosken.
 
Kl. 11.00-14.00: «Sjå det store i det små»
Lom Knipsarlag har laga ei flott foto-rebusløype i Presthaugen. Passar barn i alle aldre.

Kl. 11.00-14.00: «Kvist og tråd – Sette spor»
Under Barnekappleiksfesten vil Lom husflidslag ha aktivitet med «Kvist og tråd» for dei yngste, og med ein felles strikkedugnad håpa oss å kunne «Sette spor» i løpet av kappleiken. Velkome innom «tunet» utanfor Glømsdalsstugu.

Kl. 11.00-14.00: «Liv i alle husa»
Lom bygdekvinnelag orgar til bakst og liv i dei ulike gamle husa i Presthaugen. Her er det berre å stikke innom for å smake eller «hjelpe til».

Kl. 12:00: «Danse, sa fela» - ei spennande barneframsyning for barn mellom 4 og 8 år.
Med: Nina Fjeldet (fele) og Silje Onstad Hålien (dans).

Ei spennande og engasjerande framsyning med fantastiske Silje Hålien og Nina Fjeldet: Ei lita jente blir blir bergteken og sett på prøver. Med kløkt, spenst og listige krumspring prøver ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen.

Det blir dansespel for barna i ein halvtimes tid etter framsyninga.

LAURDAG 24. juni vert det blant anna sjokoladekappleik! 
Les om Barnas landskappleik - laurdag her