Kurs for born
Det blir tilbod om fylgjande tre kurs under Landskappleiken 2019.

Dansekurs med Live Visdal
Kurset går fredag 28. juni klokka 13.00 - 16.00

Hallingkurs med Rolf Bjørgan
Kurset går fredag 28.juni klokka 09.30 - 12.30

Felekurs (for litt øvde) med Ingebjørg Hammerdalen
Kurset går fredag 28. juni klokka 09.00 - 12.00

Pris kr 200,- inkludert enkel servering.
Oppmøte ved hovudinngangen til Vågå ungdomskule.

Påmelding:
Kristin Teigen tlf. 91841263  / kristin.stasviken@gmail.com  
Frist for påmelding onsdag 26. juni.
Betaling ved oppstart.

Sjokoladekappleik
Likar du å spele eller synge, så kan du delta på sjokoladekappleik! Terskelen er låg, og alle får premie. Dete er gratis å delta.
Dette er ei uformell mønstring der barn frå 4 til 12 år kan delta. Dette er eit fint høve til å øve seg på å stå på scena. Ingen dommarar, berre mykje og sjølvsagt: sjokolade i premie!
Det kostar ingen ting å vera med på sjokoladekappleik.

Møt opp laurdag 29.juni, klokka 13.00 i matteltet
Møt opp i god tid! :-)

Påmelding innan fredag 28.juni til Kristin Teigen tlf. 91841263 / kristin.stasviken@gmail.com
Brun Bygg sponsar sjokoladepremiar til alle deltakarar.

Glade barn_1000x586.jpg

Foto: Knut Utler