Det blir tilbod om fylgjande tre kurs under Landskappleiken 2019

  • Dansekurs med Live Visdal. Kurset går fredag 28.juni klokka 13.00-16.00
  • Hallingkurs med Rolf Bjørgan. Kurset går fredag 28.juni klokka 09.30-12.30
  • Felekurs (for litt øvde) med Veronica Bakken. Kurset går fredag 28.juni klokka 09.00-12.00

Pris kr 200,- inkludert enkel servering.

Oppmøte ved hovudinngangen til Vågå ungdomskule.

Påmelding til Kristin Teigen tlf. 91841263  / kristin.stasviken@gmail.com  innan onsdag 26.juni. Betaling ved oppstart.

 

Sjokoladekappleik

 

Likar du å spele eller synge, så kan du delta på sjokoladekappleik!

Terskelen er låg, og alle får premie. Dete er gratis å delta.

Dette er ei uformell mønstring der barn frå 4 til 12 år kan delta. Dette er eit fint høve til å øve seg på å stå på scena. Ingen dommarar, berre mykje og sjølvsagt: sjokolade i premie!

Det kostar ingen ting å vera med på sjokoladekappleik.

Møt opp laurdag 29.juni, klokka 13.00 i matteltet

Møt opp i god tid! :-)

Påmelding innan fredag 28.juni til Kristin Teigen tlf. 91841263 / kristin.stasviken@gmail.com 

Brun Bygg sponsar sjokoladepremiar til alle deltakarar.