Bech & Skeidsvoll New Orleans Band vart starta i 2013, og har, som namnet seier, sitt musikalske fundament i New Orleans-musikken. Bandet har ei blanding av skolerte, erfarne musikarar og unge nyskapande krefter på høgt nivå.

Musikken er i stor grad eigne arrangement av tradisjonelle og meir moderne komposisjonar i klassisk New Orleans-tradisjon. Bandet har hatt ei rekkje samarbeidsprosjekt med andre orkester og solistar der bandet tydeleg har vist sin kapasitet og musikalske kompetanse. Dei har spelt på både mindre klubbar, i gatemiljø, kyrkjer og på større scener.

Gruppa består av Gunnar Bech på vokal og trombone, Leiv Skeidsvoll på vokal og trompet, Lauritz Skeidsvoll på saksofon, Torstein Fuglseth på banjo og gitar, Sindre Klykken på kontrabass, Hans Petter Gyldenskog på slagverk, Peder Skeidsvoll på trompet og Isach Skeidsvoll på piano.

Med fire blad Skeidsvoll er dette ikkje så reint lite av eit familieprosjekt, men det er svært spesielt at dei alle spelar i same band.

Bandleiar Leiv Skeidsvoll er frå Vågå, og både han og sønene er i Vågå ofte.

Bech & Skeidsvoll har halde konsertar i Vågå ved fleire høve, og med stor suksess.

Leiv Skeidsvoll fortel at på konserten skal han ha med dei lokale spelmennene Hallgrim Ulvik Haug og Eirik Schjølberg. Så her får tradisjonsmusikken i Vågå også sin plass.

 

Aktørar:

Bech og Skeidsvoll New Orleans Band:

Leiv Skeidsvoll, Gunnar Bech, Lauritz Skeidsvoll, Torstein Fuglseth, Sindre Klykken, Hans Petter Gyldenskog, Peder Skeidsvoll og Isach Skeidsvoll

Hallgrim Ulvik Haug og Eirik Schjølberg

 

Tid:        Laurdag 29.6 – kl. 15.00

Stad:     Utescena ved Kommunehuset

Bill.:       Gratis

Av Trond-Ole Haug