No er påmeldinga til Landskappleiken 2019 godt i gang, og dei fyrste deltakarane er komne på deltakarlista. Dei siste åra har vi stilt nokre spørsmål til dei som er tidleg ute med å melde seg på Landskappleiken, for å lodde stemninga blant dei ivrigaste. Blant dei fyrste som meldte seg på årets Landskappleik er Lars Erik S. Øygarden frå Rauland i Telemark. Han skal stille i hardingfele klasse A. Ei anna som var tidleg ute med å melda seg på er Rita Sirirud Vatnehol frå Dokka i Oppland, som no held til i Oslo. Ho skal delta i blant anna dans fele klasse B.

Ser fram til å møte det trivelege kappleiksmiljøet
Du, Lars Erik, er ein ivrig spelemann som har spelt mykje på kappleikar. Kva er det som lokkar deg til å stille på Landskappleiken?

Det viktigaste for meg med Landskappleiken er fyst og fremst miljøet. Det å treffe att alle kjensfolk som dukkar opp i sama ærend frå alle delar av landet. Sjølve tevlingsdelen er også ein viktig del av det. Det lokkande med å gange på scena og spela så godt eg kan, er kanskje mest av alt eit resultat av øving og førebuingar, mykje meir enn trongen til å kappast med andre felespelarar. Det at ein har gjenge og tenkt på ein kappleik og korleis ein skal gjere det skapar òg den spenninga som gjer at ein gler seg enno meir til Landskappleiken.

Korleis går du fram når du skal velja slåttar til kappleikar?
For at eg skal ha lyst til å spela ein slått må den ikkje vera «utspela», men samstundes noko ein har kontroll på. Det er svært ofte eg vert nervøs og då nyttar det ikkje å ha noko ein ikkje er trygg på og må slite og streve seg gjennom. Det hender også at ein har lyst til å prøve nye slåttar, men eg trur at slåttane ein lærer må ha litt tid på seg til å modnast òg. Ein må finne fram til sin måte å spela slåtten på og gjera den litt til sin eigen. Nokon år har eg kappleikslåttane klare lenge i førevegen, medan andre år kan eg bestemme meg rett før eg skal på                                                                                                           
Nemn eit særskilt Landskappleikminne du hugsar godt.
Det er mange gode Landskappleikminne, men om eg skal trekkje fram eit særleg trur eg må vera dansespelet på kvelden på Fagernes i 2015. Då hadde eg akkurat rykka opp til A-klassa og var strålande glad, og heile Slidrehuset på museet gynga i telespringar. Det var moro det!

Neste år kjem Landskappleiken til Telemark, nærmare sagt Rjukan. Kva forventningar har du til det?
Det blir veldig spanande å ha landskappleik på Rjukan. Der har det aldri vore før, men det ligg til rette for ein fin kappleik. Ein Landskappleik er mykje arbeid i kulissane, så eg ser fram til å bidra for å få det så bra som råd.

Til slutt, er det noko du ser ekstra fram til før årets Landskappleik?
Eg ser fram til det eg ser fram til kvart år. Treffe kjensfolk, høyre godt spel, rive kjeft, og generelt ha det triveleg i 5 dagar og så gle seg vidare til neste år.

Lars Erik Skjøtskift Øygarden_Foto Thomas Westling.jpg
Lars Erik Øygarden i Spel hardingfele kl A i Trysil 2018. Foto: Thomas Westling. 

Bidrar til å syna fram mangfaldet i dansetradisjonane
Kva er det som lokkar deg til å stille på Landskappleiken, Rita?

Det som lokkar meg til å stille på Landskappleiken er moglegheita ein får til å vise fram mangfaldet av dansetradisjonane. Eg skal innrømme at eg (som teatermenneskje sidan eg var lita) trivst på scenen, og at det er artig å få danse for folk. Ekstra gøy er det når ein kan få vise fram dansetradisjonen frå heime.

Kva er det som er spesielt med Springdansen frå Nordre Sunnmøre som gjer at de vil danse denne dansen på kappleik?
Springdans frå Nordre Sunnmøre er ein veldig artig dans å danse. Han er livleg og variert. Eg er glad for at Svein Are, mannen min, som kjem frå Sunnmøre, har lært meg denne dansen. Vi har det alltid kjekt når vi dansar springdans frå Nordre Sunnmøre i lag, men eg er også glad for at vi stiller i lagdans med springdans frå mine heimtrakter også. Det er fint å ha lært kvarandre sine dansar.

Kva er du ser etter når du skal finna ein god dansespelemann/kvinne?
Det er fint å finne nokon som kjenner speltradisjonen godt og som har ein spelemåte som matcher vår dansestil, men aller viktigast er å ha ein spelemann/spelekvinne som er i godt humør og som likar å spele for dansarar. Eg har alltid vore veldig heldig med dei som har spelt for meg/oss, både i pardans og lagdans.

Nemn eit særskilt Landskappleikminne du hugsar godt.
Eg er relativt ny som kappleiksfarar, med min første Landskappleik på Geilo i 2014, men har allereie mange kjekke minner frå å reise på kappleik. Det er alltid kjekt å danse mykje, høyre god musikk og treffe hyggelege folk. Mitt "største" minne til no er så eg fekk mitt første napp i A-klassa. Det var på Fagernes i 2015. Det var ein veldig kjekk kveld, og første gong eg dansa med Svein Are.

Til slutt, er det noko du ser ekstra fram til før årets Landskappleik?
Årets kappleik blir min første som gravid, så eg er spent på kor mykje dans føtene og ryggen vil orke, men eg er klar for kappleik og klar for å ha det kjekt i lag med trivelege folk. Eg har til og med lånt meg ein bunad som vil passe til magen, så det er i kvart fall i boks! Men noko av det eg ser aller mest fram til er å danse lagdans med Randsfjordlaget, og å vise fram springdansar frå Land og Hadeland. Vi dansa saman for første gong i fjor, og det var så kjekt, så eg gler meg veldig til gjentaking i år.

Vi ønskjer Lars Erik og Rita lykke til med deltakinga deira, og det same gjeld for alle andre som melder seg på ut over våren! Vi minner også i denne samanhengen om at påmeldingsfristen er torsdag 23. mai.

Rita Sirirud Vatnehol, Svein Are Sirirud Vatnehol, Foto Thomas Westling.jpg
Rita og Svein Are Sirirud Vatnehol i Dans fele kl. B på Landskappleiken i Trysil 2018. Foto: Thomas Westling