Dato: torsdag 23. juni
Klokkeslett: 21.30 (ca)
Stad: Baptistkyrkja

Annfrid Berget Haukeland 
Bokslepp: Myllarguten - Livet, legenden, medspillerne

Ottar Kåsa, òg myllarætling - vil ramme inn boksleppet med nokre slåttar.

I år er det 150 år sidan ein einsleg pråm for ut Totak ein novemberdag, frå Arabygdi til Rauland kyrkje. Om bord var ei umåla kiste, attåt roarane. Seinste reisa av Torgeir Augundson Øygarden – Myllarguten(1801-1872) - var ikkje storsleg. Men stor var spelemannen, og innhaldsrikt var livet hans. Me tek vare på minnet, om mange år har lide. Annfrid Berget Haukeland, sjølv myllarætling, har i høve dette jubileet skrive ei bok om spelemannen. 

Ho seier dette om boka, som ber tittelen Myllarguten - Livet, legenden, medspillerne:

I tillegg til det rent biografiske, representerer undertitlene hva jeg spesielt vekt- legger i boka. Blant annet er Myllarens kontakt med Ole Bull framhevet, hvor biografiske opplysninger om Bull fortløpende er tatt med.  Boka skisserer deres unike kontakt, berømmelse og dramatiske livsløp - lenket opp mot den nasjonalromantiske perioden og dens utfordringer. Likedan  presenterer boka folkemusikalske temaer og kvinnenes sentrale rolle, ikke minst datidens bondebryllup og dets viktighet for Myllaren og øvrige harding- felespillere på denne tida. Nasjonalromantikkens og kulturkløftens betydning på 1800-talleter  belyst, spesielt med tanke på hvordan sistnevnte kan ha påvirket Myllarens liv. Knut Buen har kvalitetsikret det folkemusikalske, samt skrevet et underkapittel og etterord til boka. Forfattaren (f.1962) er busett på Notodden. Ho er utdanna sjukepleiar og filosof. 

Ottar Kåsa – òg myllarætling - vil ramme inn boksleppet med nokre slåttar.