Torsdag 27. juni kl 17.00
Felemakarkafeen på Søre Bu

Aslak Brimi har i samarbeid med Rolv Brimi og Knut Anders Vestad arbeidd med brurmarsjar frå Ottadalen. Det er det både dei gode gamle tradisjonelle marsjane, samt alle nyskrevne marsjane dei har funne frå repertoaret i Ottadalen. Resultatet er to notehefter og ein CD. Alt dette vert lansert under Landskappleiken i Vågå juni 2019.

Det er eitt notehefte - I morgo ska du få gifte de’ - med alle marsjane i Ottadalen, og det andre  - Det er så fagert i fylgja gå - er eit notehefte med ti utvalgte marsjar arrangert for orgel og fele. Desse arrangementa er det gjort innspeling av og vert gjeve ut som CD.

I Søre Bu på torsdag under Landskappleiken vil Aslak Brimi presentere prosjektet og spele nokre brurmarsjar frå samlinga. Med seg som spelemennsgjestar har han Inge Gjevre og Hallgrim Ulvik Haug.Aslak.jpg