Tid: Torsdag 27.06.  kl. 23.00
Stad: Vågåkyrkja
Bill.: kr. 300,-

Billettar blir lagt ut for sal 1. juni.

Aktørar:
Ronny Kjøsen - trekkspel/piano/kyrkjeorgel/harmonium
Thomas Nilssen - trekkspel/torader/klarinett
Thomas Lomundal  - fele
Dag Mattis Kleppen - bass
Annar By - gitar/vokal
Ingrid Storlimo - vokal
Øyvind Smidt – fele/bratsj/mandolin 

Årets Kyrkjekonsert på Landskappleiken heiter «Hjemlandsklokker». Det er velrenommerte Ronny Kjøsen som har fått i oppdrag å setje saman denne. Ronny Kjøsen er musikar frå Hølonda i Trøndelag og driv med musikk i mange sjangrar og konstellasjonar.

Til dagleg er Ronny kyrkjemusikar i Midtre Gauldal kommune, freelancemusikar, komponist og arrangør. Men det er folkemusikken og folkekulturen som står han hjarte nærast, og det er dette som er utgangspunktet for heile den kulturelle profesjonen hans.

Ronny har fått med seg eit stjernelag av musikarar han har spelt med gjennom åra. Frå fjellbygda Budalen kjem den svært dyktige sangaren Ingrid Storlimo. Ingrid er den einaste som brukar vokaltradisjonen i Gauldalen aktivt. Dette får vi høyre fleire eksempel på under konserten.

Felespelaren Thomas Lomundal frå Meldal, busett i Trondheim, og trekkspelaren Thomas Nilssen frå Løten har spelt mykje med Ronny i forskjellige konstellasjonar gjennom mange år. Mellom anna i Over Stok og Steen, Hollos efterfølgere, og Prøysen-hyllinga Alfs, der Ingrid Storlimo også er med.

Multimusikaren Øyvind Smidt er frå Heidal, og er busett i Trondheim. Han har og spelt mykje med Ronny gjennom åra. Øyvind beherskar mange instrument og sjangrar, men tradisjonsmusikken står sterkt i hans musikalske uttrykk.

Ronnys gode venn Mattis Kleppen frå Bø i Telemark, busett i Trondheim, speler bass. Mattis er professor på Nord universitetet i Levanger og speler i det fabelaktige folkemusikkbandet Resjemheia. Mattis har dei seinare åra spesialisert seg på slåttespel på bass og har gått djupt inn i feletradisjonen frå Telemark. Han fekk pris for soloplata si med slåttespel på bass på Folkelarm i 2018.

Annar By frå Elverum speler gitar og syng. Annar er ein stor musikar og ein unik formidlar. Alt Annar tar i blir ekte og får særpreg. På konserten syng han mellom anna salma som har gjeve tittelen til konserten, Hjemlandsklokker, etter den særeigne songaren Ragnar Vigdal.

Musikken som blir presentert på konserten er for det meste salmar, viser og slåttar frå tradisjonsområda til musikarane, iblanda nokre av Ronnys eigne komposisjonar.

På konserten blir det solospel, duettar, tradisjonelt samspel og sikkert noko som utfordrar tradisjonen.

Velkomen på konsert!

Av: Trond-Ole Haug

Kyrkjekonsert_facebookpost.png