Fureprisfinale og Furestipend
FolkOrg har sidan 2010 fått dele ut Furepris og Furestipend på Landskappleiken. Fureprisen er på 50 000 kr og skal gå til ein deltakar under 25 år, uansett klasse innan musikk. Vinnaren får i tillegg tilbod om å spele konsert under årets Folkelarm 24.-27. november.

I tillegg til hovudprisen på 50.000 kr, vert det som tidlegare år også delt ut 10.000 kr i stipend til vinnarane av C-klassane, dersom domarane meiner dei gjer det særskilt godt eller syner spesielle talent. For musikarar og kvedarar er det Furestiftinga som gjev hovudprisen og stipenda. FolkOrg set sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.  

Furestiftinga som står bak desse prisane er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk. 

Tidlegare vinnarar av Fureprisen:
2010: Ingebjørg Harman Bratland (vokal kl A) Vinje i Telemark.
2011: Bjørn Kåre Odde (fele kl A) Lom i Gudbrandsdalen.
2012: Jørgen Nyrønning (fele kl A) Ålen i Trøndelag.
2013: Erlend Apneseth (hardingfele A) Jølster i Sogn og Fjordane.
2014: Mari Midtli (vokal kl C) Sel i Gudbrandsdalen.
2015: Tor Hoslemo (hardingfele kl A) Bykle i Setesdal.
2016: Sivert A. Holmen (hardingfele kl A) Aurdal i Valdres.
2017: Hans P. Kjorstad (fele kl A) Harpefoss i Gudbrandsdalen.
2018: Bendik Smedåsgjelten Qvam (eldre folkemusikkinstrument senior) Tynset i Østerdalen.
2019: Helga Myhr (hardingfele kl A) Ål i Hallingdal.

Fureprisfinala vil føregå laurdag kveld. 
Det er inga finale for Furestipenda, desse blir offentleggjort på Meisterkonserten sundag 26. juni.
 

Foto av Bendik S. Qvam
Fotograf: