Go’kartevling er alltid eit bra show! 

Årets Go’kartevling blir utanfor Steinfjoset. Go’kartevling er alltid eit bra show! Her kappast dei sprekaste og tøffaste lausdansarane om å hoppe høgast og lengst, og danse best. Dette er gjævt og moro å sjå på for heile familien.
 
Go´kartevling er ein konkurranse i godkarstykkje, det vil seie ulike akrobatiske øvingar som krev kraft, spenst, teknikk og smidigheit. Kven strekkjer kalveskinnet lengst? Kven trer nåla raskast? Og ikkje minst: Kven har det høgaste og mest stilfulle hattesparket?
 
Programleiar er Andreas Ljones.
Dei legendariske hallingdansarane, Martin Myhr og Rolf Bjørgan, er dommarar.
Påmelding skjer ved Steinfjoset frå klokka 17:30.
 
Tid: Fredag 23. juni kl. 18.00
Stad: Utanfor Steinfjoset (mellom Lom bibliotek og Lom ungdomsskule)
Bilett: Gratis