Fredag 28. juni kl 17.00
Felemakarkafeen på Søre Bu

Mari Midtli slepper i juni sitt fyrste soloalbum «Dalen», med vokalmusikk frå Gudbrandsdalen. Dette er gamle songar som sjeldan har vore brukt. Andreas Bjørkås og Vegard Moshagen er med på fele og trøorgel, og løfter plata med sitt lidenskapelege spel.

Mari Midtli frå Sel i Gudbrandsdalen har trass sin unge alder utmerka seg som songar. Ho byrja å spele fele då ho var 6 år, og etter kvart voks òg interessa for folkesong. I dag opptrer ho mest som kvedar. Dei siste åra har Mari jobba med å finne fram gamalt ubrukt vokalmateriale, og har etter kvart opparbeidd seg eit breitt repertoar. Mykje av musikken har aldri før vore innspelt, og Midtli er stolt over å kunne vidareformidle tradisjonen gjennom å bruke den og gje den nytt liv. «Eg synest det er viktig å vise at tradisjonen også kan brukast i sampel, og mange av songane får nytt liv i eit arrangement. Eg synest Andreas og Vegard er gode på å forsterke bodskapen i tekstane gjennom dei vala dei gjer i spelet sitt», seier Midtli. Bjørkås og Moshagen er med og formar plata på ein innbydande måte. «Det har vore enormt inspirerande å arbeide med slike dyktige musikarar, det gjev mykje energi», seier Midtli. «Dalen» er ei plate som speglar songtradisjonen og utøvaren Mari Midtli. Jordnært og ektefølt, med glimt i auga.

iso-8859-1\'\'Mari%20Midtli_cover_annonse.jpg