Det er ein lang prosess å få på plass alle dommarane til Landskappleiken, men kunnskapsrike folk på sine felt har teke på seg dommargjerninga i Vågå.

Det er styret i FolkOrg som er ansvarlege for dommarane under Landskappleiken, og juryen vert sett saman ut i frå styret sine lister. Ein prøvar å få variasjon i mellom anna bakgrunn, geografi, kjønn og alder, slik at juryen speglar variasjonen blant deltakarane.

Det er nokre dommarpostar som er meir krevjande å få på plass enn andre, og slik var det også for årets kappleik. Det er til dømes ikkje alltid så lett å få det til å gå opp slik at det vert heilt jamt fordelt mellom kvinner og menn, men på Landskappleiken i Vågå er det tolv menn og elleve kvinner som skal dømme.

Landskappleiken er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane på Landskappleiken må setje av tida frå onsdag til søndag, og det går med mange timar til dømming og møter gjennom kappleiken. Dommargjerninga er ikkje honorert, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei gru-gler seg til. Likevel får vi heldigvis mange tilbakemeldingar om at det er ei ære å bli spurt om å dømme på Landskappleiken!

Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglementet, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landskappleiken, så skal dei ta kontakt med styret eller administrasjonen i FolkOrg.

Vi oppmodar både utøvarane og publikum om å la dommarane få vere i fred!

 

Dommerkollasje LK2019 - kvadrat_640x640.png

Spel hardingfele: Anne Hytta, Tore Bolstad og Øystein Velure
Spel fele: Magne Eggen Haugom, Helene Høye og John Oddvar Kandal
Gruppespel: Anne Hytta, Magne Eggen Haugom og John Oddvar Kandal
Lagspel: Tore Bolstad, Helene Høye og Øystein Velure
Dans fele: Johan Einar Bjerkem, Ingrid Andersen Heieren og Dagfinn Krogsrud
Dans hardingfele: Tom Løvli, Håkon Dregelid og Anne Røine
Durspel: Anita Solheim Bråvoll, Stig Nilssen og Inge Gjevre
Lagdans: Johan Einar Bjerkem, Håkon Dregelid og Anne Røine
Halling: Dagfinn Krogsrud, Silje Onstad Hålien og Tom Løvli
Eldre folkemusikkinstrument: Silje Hegg, Marit Steinsrud og Birger Mistereggen
Vokal: Halvor Håkanes, Hege Nylund og Berit Opheim
Open klasse: Birger Mistereggen, Hege Nylund og Ingrid Andersen Heieren
Super-D: Stig Nilssen, John Oddvar Kandal og Berit Opheim
Fureprisdommar: Åshild Vetrhus