Spel hardingfele
Øyvind Brabant
Silje Solberg
Arne Øygarden

Spel fele
Olav Luksengård Mjelva
Liv Fridtun
Kristen Odde

Gruppespel junior og senior
Øyvind Brabant
Olav Luksengård Mjelva
Liv Fridtun

Lagspel junior og senior
Silje Solberg
Arne Øygarden
Kristen Odde

Vokal
Tone Hulbækmo
Solbjørg Tveiten
Jon Anders Halvorsen

Durspel
Pål Bratås
Leif Ingvar Ranøien
Siren Thorsheim

Eldre folkemusikkinstrument
Steinar Ofsdal
Gøril Ramo Hove
Karl Seglem

Open klasse
Tone Hulbækmo
Karl Seglem
Leif Ingvar Ranøien

Dans hardingfele
Jon Låte
Ellen Persvold
Magne Kleiveland

Dans fele
Øyvind Sandum
Kjærsti Gangsø
Live Karin Liaskar

Lagdans junior og senior
Kjærsti Gangsø
Live Karin Liaskar
Jon Låte

Halling
Ellen Persvold
Magne Kleiveland
Martin Myhr

Super-D
Øyvind Sandum
Solbjørg Tveiten
Steinar Ofsdal

Instrumentutstilling hardingfele
Ottar Kåsa
Per Anders Buen Garnås

Instrumentutstilling fele
Ole Ferdinand Storn
Helene Høye

 

FolkOrg er ansvarleg for dommarane
Det er styret i FolkOrg som sett saman dommarpanela til Landskappleiken. Ein prøvar å få variasjon i mellom anna bakgrunn, geografi, kjønn og alder, slik at juryen speglar variasjonen blant deltakarane.

Det er nokre dommarpostar som er meir krevjande å få på plass enn andre, og slik var det også for årets kappleik. Det er til dømes ikkje alltid så lett å få det til å gå opp slik at det vert heilt jamt fordelt mellom kvinner og menn, på Landskappleiken på Gol er det seksten menn og ti kvinner som skal dømme.

Landskappleiken er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane på Landskappleiken må setje av tida frå onsdag til sundag, og det går med mange timar til dømming og møter gjennom kappleiken. Dommargjerninga er ikkje honorert, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei gru-gler seg til. Likevel får vi heldigvis mange tilbakemeldingar om at det er ei ære å bli spurt om å dømme på Landskappleiken! Tusen takk til alle som har teke på seg å vere dommar på årets Landskappleik! 

Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglementet, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landskappleiken, skal dette rettast direkte til styret eller administrasjonen i FolkOrg.