Risen skapte ikkje eventyret aleine

Storkonserten Han var hoga heim, basert på segna om risen Jutulen og bonden Blessomen, fylte Vågåhallen fredag kveld. Den presenterte folkemusikk og segn på ein måte som sprengde sjangrar og kommunegrenser som berre Kultivator med Mette og Vegar Vårdal kan. Men risen skapte ikkje eventyret aleine. Landskappleiken vart også eit eventyr grunna rekordstor påmelding, høgt nivå, mengder av publikum, og fantastiske 600 frivillige med rundt 9000 dugnadstimar! Utan dei frivillige, og utan Vågå spel- og dansarlag, med god hjelp frå Vågåbygda og bygdene omkring, hadde det ikkje vorte nokon kappleik.

Høgt nivå og stor variasjon

Det var stor variasjon og breidde, og deltakarane på kappleik var utruleg dedikerte. Med slike attendemeldingar frå publikum som vi opplevde her, var det hyggeleg å vera utøvar, og utruleg stas å vera arrangør.

Landskappleiken 2019 spelte på mange strengjer, og til dans fredagskvelden spelte den endatil på horn. Vågå Musikkforening vart eit populært innslag da dei mektig og lystig spelte opp til dans i matteltet. Tre dansegolv var fylte med leikande dans og glede heile kveldar til ende.

Rekordpåmelding

Kappleiken hadde fullt hus og stormande jubel allereie frå onsdag. Ikkje kan vi hugse å ha opplevd så mykje folk og slik omsetning så tidleg. Det blir spennande å sjå når vi får finrekna på tal og omsetning dei komande dagane.

Ikkje berre opplevde vi etterspurnad etter mat, rekordstor påmelding og mengder av publikum som ein peikepinn på at det var mange på kappleik i Vågå. Også sjokoladekappleiken, ei uformell mønstring der barn frå 4 til 12 år kan delta, hadde over 70 påmeldte. Dette minnar oss på kor viktig og god ein arena kappleiken er for å samle og engasjere folk på tvers av generasjonar, så vel som på tvers av kommunegrenser og sjangrar – kappleiken er for alle!

Tett og god arena

I Vågå har vi ein tett og god arena, svært eigna for kappleik og andre slike store arrangement. Det må vi berre vidareutvikle. Heldige er vi som har eit så godt samarbeid med kommunen og det lokale næringslivet slik at vi får til nettopp dette, og kan arrangere så store og krevjande arrangement. Når det heile toppar seg med at Hennar Majestet Dronning Sonja besøker meisterkonserten, og vi får vera saman med henne til lunsj etterpå, kan vi ikkje anna enn å vera strålande tilfredse.

Vi takkar for oss denne gongen, og seier oss svært godt tilfredse med arrangementet. Håpar alle, deltakarar og publikum, har hatt fine dagar på Landskappleik i Vågå.

Beste helsing hovudkomiteen for Landskappleiken 2019:

Kjærsti Gangsø, Steinar Løkken, Ketil Størseth, Heidi Strømstad, Arne Stasviken, Geir Inge Stadeløkken, Leif Inge Schjølberg, Hege Vaagaasar og Torunn Elise Kveen

 

Foto: Arve Danielsen, avisa Fjuken.

Hovudkomiteen på Meisterkonsert.jpg