Dato: Onsdag 22 juni 
Klokkeslett: 17.00
Stad: Gvepseborg kafe
Billettpris: 400,-  inkl. Krossobanen.
Det er ikkje mogleg å køyre bil hit opp, du må bli med opp i lufta og få god utsikt med på kjøpet! 

Frammøte ved Krosso seinast kl 16.15


Billettar via Visit Rjukan, her finn du oversikt
 

Spelemennene Knut Hamre og Knut Buen spelar og fortel.

Alt frå den fyrste tid som hardingfela kom i bruk så har det vore mykje utveksling av slåttar og aktiv felehandel mellom bygdene i Telemark og på vestlandet. Felemakarane Isak og Trond Botnen, med fleire i Hardanger og Bergen, var pionerar i felemakaryrket, og telemarkingane henta seg instrument der før felemakarslekta Steintjønndalen og Helland og andre teledølar kom til å produsere hardingfeler gjennom fleire generasjonar. Det blei, til saman, eit eventyr av variert kunsthandverk og hugtakande felemål.

Når det gjeld felespelet så vil ein merka kor stor påverknaden og slåttebyte har vore mellom utøverar i Telemark og vestlandsbygdane, alt frå 1700-talet. T.d. var Spelemannen Knut Lurås ein viktig kulturvandrar over fylkesgrensene. Frå hans tid og fram til i dag har det heile tida vore eit tett samband mellom Hardanger og Telemark, med slåttebyte og personleg venskap mellom felespelarar. Dette er grunnlaget for konserten på Gvepseborg, der utsynet mot Gaustatoppen er ei mektig kulisse til framføring av soger og spel. 

https://www.krossobanen.no/omkrossobanen

Billettar via Visit Rjukan, her finn du oversikt

 

Knut og Knut.jpg