FolkOrg er organisasjonen for både vaksne og ungar som er opptekne av folkemusikk og folkedans. Eit av våre viktigaste satsningsområder framover er sjølvsagt born og ungdom og vi ønskjer å invitere til tettare dialog med både barnefamiliar og barn og ungdom i seg sjølv.
Fredag 28. juni etter framsyninga om Røve-enka, vert det familiedans i aulaen på Gol skule. I den forbindelsen vil fleire frå styret i FolkOrg vere tilstades for ein uformell prat. Vi ønskjer oss dialog om kva vi kan gjere betre for dei yngste og familiane deira i organisasjonen. Vi tek gjerne i mot tips og forslag, ris og ros.
Dette er er eit viktig satsingsområde for organisasjonen, og FolkOrg ynskjer å høyre frå både born og vaksne som har innspel og tankar om arbeidet vårt i framtida.
Velkommen til ein uformell prat med oss og kanskje ein dans!
Det vert og familiedans etter sjokoladekappleiken på laurdag!