Camping i gåavstand!

Under Landskappleiken er det to festivalcampingar som er svært tett på arenaen til bubil og campingvogner. I tillegg er det eigen telt-plass som og er tett på med kort gåavstand til både sentrum og alle stader det skjer noko. Sjå kartet under for forklaring. 

For å kunne tilby effektiv og smidig bestilling av campingplass så har vi laga ein enkel nettbutikk der du kan bestille den eller dei plassane du ønskjer.

Du finn nettbutikken her (lenke)

Les vilkåra for festivalcampingen her (lenke)

Vi har og teltplassar til 850,- for heile kappleiken og klasseromsovernatting for 850,- per person for heile kappleiken. 
Ring elller send epost til Erling Bjørn (Elle)


Kontakt overnatting:
Erling Bjørn Fossen
Ansvarleg for innkvartering og camping
E-post: elle@landskappleiken.no 
Tlf: +47 917 64 987

 

Oversikt_landskappleiken_2023