Det vert ein storslått finalekveld under Landskappleiken på Rjukan. I år er det fire spesielle finalar som skal føregå. Alle finalane finn stad laurdag 25.juni kl 21:00-23:00 i Såheimshallen og resultata vert offentleggjort under Meisterkonserten sundag 26.juni kl 12:00-14:00. 

Finala i år ser slik ut: 

Hardingfele C

Durspel senior (Kongepokal)

Fele A (Kongepokal)

Fureprisfinale

 

Hardingfele C
For første gong i historia skal tre utøvarar frå Hardingfele C spele finale. I førstepremie er det ei gjev Steinkjøndalfele, gjeve av kappleiksgenerelane sjølv, Øystein Haugen.
Her kan du lese meir om fela og historia bak: Kappleiksgeneralen gjev bort fela si!

Kongepokalfinalar
For fyrste gong sidan 1988 skal vi dele ut to Kongepokalar på Landskappleiken. Det er klassene durspel og spel fele som står for tur. Dette er andre gongen Kongepokalen blir sett opp i klassa for durspel og sjette gongen i spel fele. Les meir om Kongepokalane her: To kongepokalar til Landskappleiken på Rjukan!

Fureprisfinale og Furestipend
FolkOrg har sidan 2010 fått dele ut Furepris og Furestipend på Landskappleiken. Fureprisen er på 50 000 kr og skal gå til ein deltakar under 25 år, uansett klasse innan musikk. Vinnaren får i tillegg tilbod om å spele konsert under årets Folkelarm 24.-27. november.

I tillegg til hovudprisen på 50.000 kr, vert det som tidlegare år også delt ut 10.000 kr i stipend til vinnarane av C-klassane, dersom domarane meiner dei gjer det særskilt godt eller syner spesielle talent. For musikarar og kvedarar er det Furestiftinga som gjev hovudprisen og stipenda. FolkOrg set sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.  

Furestiftinga som står bak desse prisane er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk. 

Tidlegare vinnarar av Fureprisen:
2010: Ingebjørg Harman Bratland (vokal kl A) Vinje i Telemark.
2011: Bjørn Kåre Odde (fele kl A) Lom i Gudbrandsdalen.
2012: Jørgen Nyrønning (fele kl A) Ålen i Trøndelag.
2013: Erlend Apneseth (hardingfele A) Jølster i Sogn og Fjordane.
2014: Mari Midtli (vokal kl C) Sel i Gudbrandsdalen.
2015: Tor Hoslemo (hardingfele kl A) Bykle i Setesdal.
2016: Sivert A. Holmen (hardingfele kl A) Aurdal i Valdres.
2017: Hans P. Kjorstad (fele kl A) Harpefoss i Gudbrandsdalen.
2018: Bendik Smedåsgjelten Qvam (eldre folkemusikkinstrument senior) Tynset i Østerdalen.
2019: Helga Myhr (hardingfele kl A) Ål i Hallingdal.

Fureprisfinala vil føregå laurdag kveld. Det er inga finale for Furestipenda, desse blir offentleggjort på Meisterkonserten sundag 26. juni.

Dei neste åra vert det sett opp Kongepokalfinale slik 
2022: Durspel senior og Spel fele A
2023: Halling og Eldre folkemusikkinstrument senior
2024: Vokal
2025: Dans hardingfele
2026: Dans fele

Foto av Helga Myhr, Fureprisvinnar 2019. 
Fotograf: Runhild Heggem.