Landskappleiken er Noregsmeisterskapen i folkemusikk og folkedans og i dag startar arrangementet på Gol. Det er Gol Spel- og dansarlag som er arrangørlaget som har skipa til Landskappleiken i år og no er dei klare til å ta i mot folk frå heile landet. 

-Dette er ein stor dag som vi har jobba lenge for, seier leiar i hovedkomiteen Magne Øynebråten. Han fortel at det har vore ein enorm innsats frå alle i hovedkomiteen og at det allereie har vore mange frivillige i sving. -No er vi klare så de kan berre koma, seier Magne med eit stort smil! Han legg til at han vonar mange vil koma og oppleve den flotte opningskonsertne som er i kveld kl 20.00.

Tevling i 36 klasser på fire dagar!
Landskappleiken er den eldste festivalen i Noreg og det skal totalt tevlast i 36 klassar, vi startar i dag og held på til seint laurdag kveld. Det vert travle dagar for over 1000 ulike personar som skal i sving, og mange av dei skal tevle i mange ulike klassar under kappleiken.

Vi startar med to klasser i dag, onsdag: 

I dag kan du altså oppleve ei god blanding av dei yngste kappleiksdeltakarane våre, i tillegg til ulike grupper i spel. Med andre ord ein spennande start på årets Landskappleik.

Opningskonsert i kveld kl 19.00
Vi sparkar i gong kappleiken med ein opningskonsert som vil syne fram dei rike tradisjonane med utøvarane me har frå heile Hallingdal. Offisiell opning blir ved Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. På opningskonserten vil du få høyre felelæte, langeleik, song, sjå springardans og laus og kanskje får me til og med besøk frå Nysetlie, om dei ikkje ha lagt danseskodne på hylla. 

Martin Myhr og ordførar Heidi Granli er konferansierar for kvelden, og me kan love at det blir ein fin start på kappleiken vår.

Etter Opningskonserten vert det dans utover kvelden i matteltet! 
Her er det både dans og servering og alle som har konsertbillett har fri inngang til matteltet. 

Her ser du kven som skal spele til dans på Landskappleiken

Solid kulturprogram gjennom heile Landkappleiken
Vi har mykje på programmet for både store og små desse dagane. 

Her kan du sjå heile programmet for Landskappleiken 2024.

Den eldste festivalen i Norg 
Kl. 19.00 i kveld vert Landskappleiken 2024 opna, og det er kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery som kjem for å ta seg av den offisielle opninga. Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet, og den eldste festivalen i Noreg. I tillegg til over 1200 aktive musikarar og dansarar, kjem kring 3000 tilreisande til denne årlege storhendinga. Landskappleiken vart arrangert for fyrste gong i Bergen, i 1896.  

- På Landskappleiken samlast deltakarar og publikum frå heile Noreg, på tvers av generasjonar. Dette gjer at vi får eit unikt møte med den store breidda av musikk- og dansetradisjonar frå heile landet, seier Sina Myhr, rådgjevar i FolkOrg.  

Arrangørlaget i 2024 er Gol spel- og dansarlag. Sist gong Landskappleiken vart arrangert på Gol var i 1972, medan sist gong Landskappleiken var i Hallingdal var i 2014 på Geilo.

Magne Øynebråten

Magne Øynebråten, leiar i hovedkomiteen for Landskappleiken 2024
Foto: Anders Lillebo
 

gol spel og dansarlag

Gol Spel- og dansarlag 
Foto: Reed foto