Onsdag 27. juni byrjar Landskappleiken i Trysil, og mange av dei beste folkemusikarane og folkedansarane er påmeldt for å delta på årets store folkemusikalske høgdepunkt. På deltakarlistene er det deltakarar frå store delar av landet, men to av deltakarane skil seg ut med ekstra lang reiseveg. Felespelaren Emy Sakai, og instrumentmakaren og hardingfele-spelaren Hara Keisuke, begge frå Japan, skal til Trysil for å delta på kappleik. Ei veke før Landskappleiken tek til, har vi snakka litt med dei om korleis dei byrja å interessere seg for hardingfela og den norske folkemusikken.

Hardingfelespelaren Emy Sakai
Den 29 år gamle hardingfelespelaren Emy Sakai har mastergrad i folkemusikk frå Tokyo University of the Arts. Ho spelar arabisk musikk, irsk musikk og norsk folkemusikk på fele og hardingfele. Emy  vart introdusert for hardingfela for første gong for 10 år sidan

”Min norske venn, Morten J. Vatn, bur i Tokyo, og han introduserte meg for hardingfela for ti år sidan. Fem år seinare kom Knut Hamre og Frank Rolland til Japan, og dei underviste om hardingfela og hadde konsertar på universitetet eg gjekk på. Eg tok timar med dei, og dette vart eit viktig møte for meg. Eg bestemte meg for at eg ville spele hardingfele”, seier Emy Sakai.

Vinteren 2015 var Unni Løvlid, Ulf Arne Johannessen og Vegar Vårdal i Japan, og dei oppmoda Emy til å reise på Førdefestivalen, Landskappleiken på Fagernes  og Mo-kurset i Førde. Emy reiste til Noreg om sommaren, og deltok på Mo-kurset og besøkte Vegar Vårdal i Vågå. I Vågå fekk ho også spele med spelemannslaget og delta med dei på Landskappleiken på Fagernes.  I tillegg var Emy elev på Master Class Hardanger med Frank Rolland og Knut Hamre som lærarar. Ho hadde såleis ein innhaldsrik folkemusikk-sommar. Emy har vore til Noreg to gonger det siste året, og har lært slåttar av mellom andre Ottar Kåsa, Benedicte Maurseth, Hardanger spelemannslag, Alexander Røynstrand og Gjermund Kolltveit. På Landskappleiken i Trysil er Emy påmeldt som solist i spel hardingfele kl. B og med Hardanger spelemannslag i lagspel.

Emy har fleire planar for utøvinga si på hardingfele framover.
”Eg har mange prosjekt allereie, og eg brukar hardingfela mykje i Japan. Eg brukar den hovudsakeleg som solist, men også i mi keltiske gruppe ”Tipsipúca”.  Eg har fått førespurnadar frå folk i Japan som har lyst til å lære hardingfele av meg, men eg tykkjer eg må lære meir sjølv før eg underviser andre.  

Landskappleiken i Trysil vert Emy sin andre Landskappleik, men hennar første kappleik som deltakar i spel hardingfele kl. B.
”Eg gler meg til å høyre flinke musikarar og til å sjå på dans i Trysil. Dette er første gongen eg skal spele hardingfele på Landskappleiken, og eg ser fram til å få tilbakemeldingar på spelinga mi, både det som er bra og det eg må jobbe vidare med”.    

Emy Sakai og Knut Hamre.png
Emy Sakai i samspel med Knut Hamre. 

Instrumentmakar Hara Keisuke
Annan kvart år er det instrumentutstilling på Landskappleiken, og i Trysil er til saman elleve feler og hardingfeler påmeldt på instrumentutstillinga. Den 32 år gamle Hara Keisuke skal delta på utstillinga for første gong.   

Keisuke er utdanna fiolinmakar frå Newark (2007- 2011). Etter utdanninga jobba han som fiolinmakar i Japan i 4 år. Han har seinare gått i lære hjå fiolinmakar Stephan Soultanian på Kypros. I to år gjekk han i lære hjå hardingfelemakaren Ottar Kåsa, og i 2018 opna han hardingfele-/fiolinverkstad i Japan. Til no har han laga 9 fiolinar, 1 bratsj og 3 hardingfeler.  

Hara var på jobb i ein instrumentbutikk då han såg  bilde av ei hardingfele i eit blad, og vart imponert over utsjånaden og nysgjerrig på instrumentet.
”Eg besøkte Norge første gong for å sjå den norske kulturen og hardingfeler. Eg møtte blant anna Hans Jørgen Andersen, Knut Hamre og Frank Rolland, og fekk høyre om Ottar Kåsa. Ottar og eg hadde kontakt via e-post, og då eg var i Norge for andre gong i 2015, besøkte eg Ottar og budde hos han. Eg var litt spent på å besøke og bli kjent med han, og eg trur Ottar var litt spent på å møte meg også”,  seier Hara.  

Hara kjem til Landskappleiken med ei heilt nylaga hardingfele.
”Dette er andre gongen eg skal på Landskappleiken. Første gongen var i fjor på Røros, der eg spelte saman med Spelemannslaget Bøheringen. Eg skal spele med dei i lagspel i Trysil også, samt vere med på instrumentutstillinga. For eit par dagar sidan laga eg ferdig ei heilt ny hardingfele, og denne skal eg ta med på utstillinga. Eg forventar ikkje at eg får mykje poeng for fela mi, men eg vil utfordre meg sjølv ved å vere med og sjå korleis det går. Det er viktig for meg å delta på utstillinga ein gong. Eg ser også fram til å høyre flinke musikarar i Trysil, og eg håpar dei vil gje meg nye minnerike opplevingar, avsluttar Hara. 

Som opplading til Landskappleiken har Emy Sakai og Hara Keisuke konsert på Gressholmen kro i Oslo tysdag 26. juni. Les meir om konserten her: https://www.gressholmenkro.no/events/enchanted-by-hardanger-fiddle-hardingfele 

Hara Keisuke.png
Instrumentmakar Hara Keisuke.