Meld deg som friviljug! 

Vi treng hjelp med alt frå servering til å rigge scene, frå å lage middag til å fylgje utøvarar på scena, frå å selge drikke til maten til å hjelpe folk på campingen, frå å selge billettar til å vakthald både her og der. 

Meld deg på for å vera med på ein sosial og morosam dugnad for Lom!

Dette får du som er friviljug på Landskappleiken i Lom:

T-skjorte
Invitasjon til dugnadsfest
1 vakt gjev valfri dagsbillett
1 matbillett per vakt
2 vakter eller meir gjev gjennomgangsbillett til Landskappleiken og meisterkonsert (unntaket er konsertar under arrangementet)

Dersom du kunne tenkje deg å vera friviljug så register deg i skjemaet som du finn under her og du får innhaldsrike dagar på kappleik i Lom!

Kontakt:
Friviljugansvarleg for Landskappleiken 2023
Kristin Volden Mundhjeld
kristin@landskappleiken.no