Onsdag vert det tevla i desse klassane:  

I desse klassane kan ein få sjå og høyre mange av dei yngste kappleiksdeltakarane våre, både i spel og dans. Med andre ord ein spennande start på årets Landskappleik.

Her kan du sjå heile programmet for Landskappleiken 2022
 

Solid konsertprogram 
Mange ser fram til konsertane under årets Landskappleik, og konsertprogrammet startar allereie med opningskonserten i kveld, Sagt og spela – bilete frå folkemusikksoga i Telemark. Dette er ei nyskrive konsertframsyning laga spesielt for Landskappleiken på Rjukan.  
Resten av konsertprogrammet finn du her 

Den eldste festivalen i Norge 
Kl. 20.00 i kveld vert Landskappleiken 2022 opna, og statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann kjem for å ta seg av den offisielle opninga. Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet, og den eldste festivalen i Noreg. I tillegg til over 1200 aktive musikarar og dansarar, kjem kring 3000 tilreisande til denne årlege storhendinga. Landskappleiken vart arrangert for fyrste gong i Bergen, i 1896.  

- På Landskappleiken samlast deltakarar og publikum frå heile Noreg, på tvers av generasjonar. Dette gjer at vi får eit unikt møte med den store breidda av musikk- og dansetradisjonar frå heile landet, seier Sina Myhr, rådgjevar i FolkOrg.  

Arrangørlaga er Tinn spelemannslag, Gransherad spel og dansarlag, Falkeriset Folkemusikklag og Seljord Folkemusikklag. Dette er fyrste gong Landskappleiken arrangerast på Rjukan. Rjukan byr på ein unik kombinasjon av industri- og krafthistorie, og store delar av kappleiken skal foregå i den historiske Såheimshallen.   


App og mobiltilpassa nettside