Jehans Blessomen var ein historisk person som levde i Vågå på 1600-talet. Han hadde tatt turen til København for å få dom i ei sak han hadde, og på sjølve julekvelden, då han var reiseklar og lengta heim, trefte han på ein annan vagvær. Jehans får tilbod om skyss, og ståande bak på meiane til framandkaren får han ein reise han seint vil gløyme. Du kjem ikkje umerka frå ein tur med sjølvaste Jutulen.

Over Våge prestegård hever det seg en furukronet ås eller et lite berg med kløfter og steile vegger. Det er Jutulsberget, som Storm har viet en sang. Ved et spill av naturen viser det seg en port i en av bergets glatte vegger. Det er ikke noen alminnelig dør eller port. Det er inngangen til jutulens palass.

Slik byrjar Peder Christian Asbjørnsen segna om Jutulen og Jehans Blessom, som han fekk høyre då han var på innsamling i Vågå. Og framleis er segna like kjent som Jutulporten er synleg i Vågå. Det er ikkje ei lang forteljing, men her er det båe naturmystikk, jutlar og ei mellomlanding i det hinsidige.

Tingingsverk

Segna har gjeve oss inspirasjon og ei rammeforteljing, men musikken er sjølve kjernen i Vågå-kvelden. Dette er fyrst og fremst ein konsert, og her står folkemusikken frå Ottadalen i sentrum. Men tradisjonen er jo også samansett og mangeslungen. Musikalsk ansvarleg Vegar Vårdal fortel at han har tatt utganspunkt i kontrastar, både i sjanger-breidde, i stemningar og i besetning. Her er alt frå det vakre til det beint ut stygge, vare salmetonar til raske hallingar, frå eit folkeleg overflødshorn til stilrein minimalisme, frå solo-innslag til store ensemble.

«Det kan jo lett bli kaotisk», seier Vårdal, «med så mykje på ein gong. Men vi har ordna alt i fem scener som følger Jehans Blessom på hans reise frå Vågå til København og heim att. Alt finn sin plass, akkurat slik som tradisjon og nye impulsar finn saman i folkemusikken.»

Mange kjelder

Vi er slettes ikkje dei fyrste som har latt oss inspirere av segna om Jutulen. Som Asbjørnsen skreiv, hadde Edvard Storm alt skrive ei vise om Jutulberget. Storm var presteson frå Vågå, og på 1770-talet sat han i København og skreiv dikt på vågåmål for å bøte på heimlengten. Edvard vaks opp på prestegarden rett under Jutulporten, og fleire av songane har henta inspirasjon herfrå.

Heimlengt er ein gjennomgåande tematikk i heile arbeidet. Ikkje berre gjekk Blessomen i København og lengta heim, Edvard Storm gjorde det same då han skreiv tekst til fleire av songane til konserten. Og så markerer vi at det er 100 år «Folke-musik i Gudbrandsdalen, optegnet og undersøkt av Ole Mørk Sandvik» kom ut. Som folkemusikksamlar og -forskar stod Sandvik óg for ein lengt, om ikkje heim, så etter det opphavelege og originale.

Heimlengt kan vere så mykje, men som Jehans Blessom fekk erfare, så løner det seg ikkje med snarvegar og raske løysingar. Vi har gått grundig til verks, henta fram ulike kjelder båe til tekst, melodi og segn. Målet har ikkje vore å finne den eldste eller opphavelege forma, men å lære meir om korleis tida har forma og brukt dei ulike elementa. Og så har vi sett det saman på vår måte til slutt, i samarbeid med dei som er med.

Mange aktørar

Og her er det mange som er med, båe lag og solistar. Inge Gjevre er Jutulen, Thomas Bakke er Blessomen, Mari Midtli har fått rolla som draumedama, og Ann-Cathrin Tessnes er Køpenhamnar-jomfru. Spelemannslaget er sjølvskrive, med juniorar, rekruttar og songarar. I tillegg er Lom spelemannslag og deira rekrutter med, regionkoret Ad Cantus og Lalm musikkforeining. For ikkje å gløyme felespelar Ragna Valde Sletten, Torunn Elise Kveen som gjev stemme til døden, Even Lusæter som fortel og Åsmund Reistad og Patrik Andersson som er med Vegar og bitt det heile i hop.

Det krev litt logistikk med så mange aktørar, men aller mest er det gøy at så mange vil vere med. Dei yngste er berre seks år, kven som er eldst veit vi ikkje, men det er minst tre generasjonar med. Det er Mette og Vegar Vårdal i Kultivator som har hatt båe ide og ansvar for gjennomføring. «No gler vi oss berre til konserten», seier dei.

Arbeidet er støtta av Sparebankstiftelsen, Norsk kulturråd, Oppland Fylkeskommune, Rådet for folkemusikk og folkedans og Komponistenes vederlagsfond.

Vågå spel og dansarlag på Riksscenen Vågåkvelden Bilete Knut Utler.jpgFrå Vågåkvelden 2016 da den var synt fram på Riksscnena. Foto: Knut Utler