Torsdag 27. juni kl 17.00
Felemakarkafeen på Søre Bu

I løpet av juni månad har dei vore to gongar i USA med denne musikken, og med stor suksess. På Landskappleiken vil dei, for fyrste gong i Noreg, spele utdrag frå plata som dei har kalla for «Hand». Dette seier dei sjølve om musikken:

Dansemusikken har vandra frå hand til hand gjennom fleire hundre år, og hendene vi brukar i dag kviler på ein lang dansetradisjon på Hedmarken. Både dei store ballmusikarane og komponistane på storgardane og dei einslege felespelemenn i dei små stover har gjeve oss eit godt slåttemateriale og sterke impulsar. Vi er dei evig takksame.

Vi vil servere eit knippe slåttar av beste merke – overlevert frå hand til hand gjennom generasjonar!

plateslepp Odde Nilssen_1800x1200_1000x667.jpg