Vi ynskjer Landskappleiken 2019 velkommen attende til Vågå.
"Døkk lyt tåle det", som Jutulen sa.
Vi gjer vel ikkje berre tolar, vi gler oss vel, til og med.

I 2016  hadde vi 561 sengjer tilgjengelege. Den velviljen vi møtte hjå dykk var heilt utruleg imponerande! Som i 2016 er vi aldeles avhengige av at bygda stiller opp med sine private eigedommar for å få husa alle gjestane.

Vi er glade for alle vertar og gjestar som finn ihop, enten det er på eine eller andre måten. Dersom du kunne tenkje deg at arrangøren formidlar utleige av dine senger, lyt du fylle inn informasjon i skjemaet som er under her.

Denne gongen prøvar vi noko nytt: Vi har oppretta ein nettbutikk der vi legg inn di "vare", ditt husvere/ dine sengjer, altså. Her må gjestane bestille og betale på nett. Vi håpar å kunne forenkle arbeidet for alle partar med denne løysinga. Etter kvar som dykk melder inn privat husvere til utleige, legg vi dette ut på nettbutikken, og administrerer alt der. Det du treng å gjere for å registrere ditt husvære er å fylle ut det elektroniske skjemaet her. Hugs å laste opp bilete i skjemaet og!

Praktisk informasjon til utleigar
Prisen inkluderer oppreidde senger. Pris pr. seng for heile perioden er 1700,-. Av dette går 20% til arrangøren, som også ordnar det økonomiske. Leiga blir overført til utleigar innan 7. juli 2019.
Forklar eventuelle husreglar for gjesten.
Verten tilbyr reine sengeklede, handklede og toalettpapir.
Vert og gjest avklarar praktiske spørsmål seg imellom. Landskappleiken kan hjelpe til ved behov.
Hels gjesten din personleg velkomen, eller formidle dei nøkkel eller kode.

Brannsikkerheit                                                                                                                                                              
Sjå til at eigedommen oppfyller sikkerheitsforskrifter for brannvarsling og brannvern: Fungerande brannvarslings- og brannsløkkingsutstyr, rømmingsvegar.
Elektriske installasjonar: Sjå til at alle apparat og utstyr er korrekt og trygt installert. Fjern alle farar og lause leidningar som kan føre til at gjestar snublar, eller merk slike område tydeleg.

Personvernreglar                                                                                                                                       
Opplysningar tilknytt utleige av privat eigedom blir samla inn og brukt til landskappleiken og til nødvendig etterarbeid er avslutta. Det vil ikkje bli overført informasjon om privatpersonar til andre enn arrangøren av Landskappleiken 2019. Sender du inn dette skjemaet eletroniks aksepterar du at vi lagrar din kontaktinformasjon til etter at arbeidet med Landskappleiken 2019 er ferdig. Har du spørsmål om dette, eller ikkje ønskjer at kontaktinformasjon skal lagrast så ta gjerne kontakt med vårt personvernombud: torunn@landskappleiken.no