Ole Jacob Nordheim er 35 år og kommer frå Larvik. Han er utdanna fiolinmakar med Meisterbrev frå det tyske Handwerkskammer. Sidan 2017 har han jobba under eige namn i verkstaden til Helge Bergnord i Vågå, der han tidlegare var tilsett. Til dagleg er det reparasjonar og klangjustering av strykeinstrument og behåring av bogar han jobbar med. All ledig tid går med til å bygge nye instrument – gjerne på bestilling frå musikarar. Ole Jacob har eit hjarte for dei klassiske cremonesiske instrumenta og skreiv bacheloroppgåve om fluorescenseigenskapane i den berømte lakken til mellom anna Antonio Stradivari. Med verkstad midt i kjernen av folkemusikken, føler han seg privilegert som får jobbe med så mange dyktige musikarar.

Ole Jacob eigne produkt.jpg

Fiolin laga av Ole Jacob Nordheim, i samarbeid med Helge bergnord. Foto: privat

Helge M. Bergnord etablerte seg som fiolinmakar i Vågå i 1982 og har Meisterbrev frå Sverige i 1997. Han er 69 år og konsentrerer seg for tida først og fremst om nybygging av fiolinar og hardingfeler – og er særleg opptatt av den gode klangen. Han driv og med bogehåring – i tillegg til restaurering av hus. I butikken på Søre Bu fører han strenger, buer, etui, diverse rekvisita, instrumenter i alle prisklasser og elles alt ein felespiller måtte ha av behov. Helge har og starta Norsk Hardingfelefond kor han deler ut instrument til talentfulle musikarar.

Under Landskappleiken held vi ope kvar dag frå 9-17, og etter avtale.  Velkommen inn for en hyggeleg handel – eller ein triveleg feleprat!

felemakarkafe - Foto Runhild Heggem.jpgFrå felemakarkafeen uder Landskappleiken 2016. Foto: Runhild Heggem