Det er med stor glede me no kan presentere ei ny soloplate med meisterspelemann Øyvind Brabant frå Nes. Det er snart tjue år sidan sist! Øyvind er framleis i god spelform og i dag står han fram som sjølve nestoren for hardingfelespel i Hallingdal.

Øyvind er spelemann av den gamle skulen. Låttane lærde han av lokale spelemenn og eit og anna spelkurs med spelemenn utanfrå. I alle år har han kombinert spelemannslivet med vanleg arbeid.

Plateinnspeling og sjølvpromotering er difor ikkje noko som står i fokus og sviv i tankane hjå Øyvind i det daglege, men det har vore eit viss mas om dette frå folkemusikkvener i heile landet og rett før jul i 2016 tok me initiativ til ein plateproduksjon med Øyvind på vegne av Hallingdal låtelag der Øyvind har vore musikalsk leiar sidan starten. Det er gledeleg at Etnisk musikklubb på Kongsberg tok på seg produksjonen.

Som ein svært synleg og triveleg utøvar i folkemusikkmiljøet, gjennom mange tiår på kappleik- og konsertscena, er feletonane til Øyvind noko veldig mange generasjonar har eit forhold til. Såleis veit me at denne produksjonen beståande av 11 nyinnspelingar og 5 arkivopptak med ekte hallingspel vil vere til kveik og inspirasjon for mange.

Øyvind er dansespelemann par excellence og hallingspelet har alltid vore så sterkt knytta til dansen. Difor er det naturleg at platesleppet vert ein dansekonsert. Me kan garantere god stemning på dansegolvet og framifrå slåttespel frå Hallingdal!

Konserten vert i Trysilhallen rett etter premieutdeling laurdag, og det vert sal av plata før, under og etter sleppet.

Brabant_CD_cover.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile programmet for Landskappleiken kan du sjå her