I Fureprisfinalen under meisterkonserten på Landskappleiken i Trysil sundag var fire folkemusikarar under 25 år med å kjempe om prisen. På scena stod Helga Myhr (Hardingfele), Bendik Smedåsgjelten Qvam (Bukkehorn), Ole Nilssen (Durspel), Rasmus Kjorstad (Fele). Etter at finalistane hadde spelt kvar sin slått falt juryen sitt val på Bendik Smedåsgjelten Qvam som bergtok publikum med vakre bukkehorntonar!

Bendik Smedåsgjelten Qvam får Fureprisen som er på 50 000 kroner, gjeve av Furestiftelsen. Han vert og invitert til å spele på Meisterkonserten i Operaen 11. november og på Folkelarm 8 - 11. november. Vi gler oss til å høyre mykje frå denne talentfulle folkemusikaren framover!

Hovuddommar for Fureprisen i år har vore Frank Henrik Rolland som har høyrt heile 83 utøvarar under på Landskappleiken. Meddommarar har vore Halvor Håkanes (vokal folkemusikk), Torunn Raftevold Rue (spel fele), Åse Teigland (spel hardingfele), Per Midtstigen (durspel) og Johanna Fuglesteg (eldre folkemusikkinstrument).

Finalistane i Fureprisfinala var
Helga Myhr (Hardingfele)
Bendik Smedåsgjelten Qvam (Bukkehorn)
Ole Nilssen (Durspel)
Rasmus Kjorstad (Fele)

Fureprisen
Sidan 2010 har Furestiftelsen gjeve pengar til Landskappleiken i form av Fureprisar og Furestipend. Under Landskappleiken har det i desse åra vore delt ut ein hovudpris på kroner 50 000 til ein deltakar under 25 år, uansett tevlingsklasse, innan musikk. Det var krav om eit særs høgt kvalitetsnivå for at Fureprisen kunne verte delt ut. I tillegg til hovudprisen, vart det også delt ut 10 000 kroner i Furestipend til vinnarane av C-klassane innan musikk og kveding, dersom domarane meinte dei gjorde det særskilt godt eller synte spesielle talent. FolkOrg sette sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans. Vi er svært takksame for at Furestiftinga har gjeve denne prisen og desse stipenda i desse åra, det bidreg sterkt til å halde fokus på rekruttering og vidareføring av tradisjonane våre.

Vinnarar av Furerstipend 2018

Siri Nordgård, Voss Spelemannslag - Durspel junior
Marius Westling, Østerdølenes Spellmannslag - Spel fele C
Sindre Tronrud, Vårflaumen Spel- og dansarlag - Spel Hardingfele C
Ingebjørg Hegge Bratrud, Vårflaumen Spel- og dansarlag - Eldre folkemusikkinstrument / Langeleik

Vinnarar av FolkOrgstipend 2018

Dorte Nilssen, Marius Westling, #Hedmark - Dans fele C
Nikolaj Bo Fischer Nielsen, Nesodden Danselag - Halling C

FUREPRISVINNAR 2018

Bendik_Smedåsgjelten_Qvam_bukkehorn_2_foto_Audun_Stokke_Hole_800x533.jpg
Bendik Smedåsgjelten Qvam - vinnar av Fureprisen 2018
Foto: Audun Stokke Hole